Frittliggande i skogsområde, med flott utsikt. Kanoutleige. Vinterstid er det eit godt utbygd løypenett til støylane i nærleiken og til Nosakleiva. Nosakleiva er eit av dei flottaste utsiktspunkt på heile Vestlandet, og er rimeleg enkelt å kome til på ski. Løypene er oppkøyrde i vintersesongen og ypparlege for familieturar. Det går lysløype ut frå senteret. Vi har turski til utleige.
Bli med i villmarksleiren vår, der vi har lavvo og gapahuk. Vi kan love ei heilt spesiell oppleving av villmarksliv.
Bjørkelibakkane er eit nytt og moderne hoppanlegg som er ein del av Nordfjord Fritidssenter.
Senteret har eit lite tautrekk på rundt 400m som vert sett i gong på aktuelle dagar, eller etter avtale. Ta kontakt med oss dersom du lurer på om trekket går.
Isfiske er mogleg i Ulvedalstjønna.