Butikken starta opprinnelig i 1882 då Thor Hjelle, grunnleggaren av Hjelle Hotel i 1896, starta som kjøpmann på brygga på Hjelle.
I 1996 opna Hjelletunnelen, som resulterte i at riksvegen vart lagt utanom det gamle bygdesenteret Hjelle.
Året etter vart butikken stengt. I 2006 opna butikken igjen med eit nytt og spennande innhald. Om sommaren kan vi no presentere eit enno større utval både når det gjeld brukskunst, kunst, porselen frå England, heimelaga kaker og kaffe.
I 2009 vart den nasjonale turistvegen forlenga og går no vidare frå Gamle Strynefjellevegen og heilt ned til Hjelle.
Ta turen innom og nyt utsikta over vatnet, fjella og breen.