Annonser

Skriv utSkriv ut

Olden gamle kyrkje


GPS koordinater
Breddegrad: 61.833549721
Lengdegrad: 6.8075752258
Fasiliteter

Generelle fasiliteter

Åpent deler av året


Kirketyper

Korskirke


Kontakt
Adresse:
6788 Olden
Beskrivelse
Gamlekyrkja i Olden er ikkje den første kyrkja som har stått på denne staden. I skriftlege kjelder kan ein lese om to eldre kyrkjer. Utgraving under golvet i den noverande kyrkja i 1970 viste at det hadde stått ei stavkyrkje på same staden. Ved grunnmurane vart det funne myntar frå siste halvdelen av 1200-åra. Den gamle ærverdige stavkyrkja vart nedriva i 1746 og i staden vart det bygt ei tømmerkyrkje. Men ein kraftig storm i 1757 øydela kyrkja. I 1759 vart det då bygt ei solid krosskyrkje. Dette er den einaste krosskyrkja i Nordfjord. Etter 1934 har gamlekyrkja ikkje vore nytta til vanleg soknekyrkje, men det er framleis tradisjon å ha gudsteneste der 17.mai og Olsokdag. Den har også vore nytta til engelske gudstenester i turistsesongen.


Stavkyrkja frå rundt 1300
Utgravningar under golvet i den noverande kyrkja i 1970 viste at det hade stått ei stavkyrkje på same staden. Ved grunnmurane vart det funne myntar frå siste halvdelen av 1200-åra. Ein kan gå ut frå at stavkyrkja vart bygd kring 1300. Stavkyrkja er omtala i eit diplom (brev) frå 1308. Stavkyrkja har vore ei langkyrkje med skip, om lag 11 meter lang og 7 meter brei, og eit kor om lag 6 meter langt og 5 meter breidt. Den har såleis vore ein god del større enn Borgund stavkyrkje.

Tømmerkyrkje frå 1746
Den gamle, ærverdige stavkyrkja vart nedriva i 1746, og i staden vart det bygd ei tømmerkyrkje. Det er få opplysningar om denne kyrkja. Ho stod nemmleg berre i 11 år. Ein kraftig storm i 1757 øydela kyrkja.

Krosskyrkja frå 1759
I staden for den øydelagde tømmerkyrkja vart det i 1759 bygd ei solid krosskyrkje. Det er den einaste krosskyrkja i Nordfjord. Ein finn få av denne typen i Fjord Norge. Ein av grunnane til ar ein valde krosskyrkje, er at denne forma står betre mot vind. Utvendig er veggane bordkledde og kvitmåla, men innvendig står tømmerveggane umåla. Den austre krossarmen er kor og skilt frå kyrkjelydskyrkja med eit korskilje. Slike korskiljer var vanleg i kyrkjer frå den tida, og det er ein arv frå mellomalderen. Grunnplanen for kyrkja er fem kvadrat som utgjer den greske krossen. Stolane (benakane) er plasserte slik at gangen opp til koren utgjer ein latinsk kross. Alle stolane har dører, og det gjev interiøret ein særmerkt karakter. Kvar gard hadde sin stol. Ein kan finne bumerke eller forbokstavar til slekta på somme av dørene. Enkelte av stoldørene og dørstolpane er utskorne, og nokre av dei er overførde frå stavkyrkja.

Relaterte produkter
Copyright © Thomas Bickhardt

Stryn

Olden Turistinformasjon

Turistinformasjon i Olden sentrum. Våre turistvertar kan hjelpe deg med informasjon om aktivitetar, attraksjonar, arrangement og overnatting. ...


Kontaktinformasjon

Reisemål Stryn & Nordfjord AS
Perhusvegen 24, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40  
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

 

Logo DSN

Våre partnarar