Annonser

Nordfjordregionen

Frå blåkledde brearmar, mektige fjell, frodige dalar og djupe vatn, til Stadhavet som slår inn mot kysten vår. Om du vil kan du gå i taulag på Briksdalsbreen, oppleve sommarski, og same dag rusle i sola på kvite sandstrender og trekkje frisk havluft. Eller kanskje du vil gå på oppdagingsferd i kulturhistoria vår?

Om Nordfjord
Foto: Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norge

Om Nordfjord

Nordfjord ligg lengst nord i Sogn og Fjordane fylke, og fjorden med same namn strekkjer seg frå Stadhavet og 106 km inn i landet til Stryn. Regionen består av Stryn, Hornindal,Gloppen, Eid, Vågsøy og Selje. Dei eldste funna etter folk er frå steinalderen, og framleis kan ein sjå helleristningar frå denne tida. I vikingtida var Nordfjord eit sterkt maktsentrum på Vestlandet. På dei ulike musea og besøkssentra kan du lære meir om historia. Regionen har tradisjonelt sett vore prega av jordbruk, fiske og  industri, men har også sterke røter til handverk og kultur. Regionen er svært allsidig, og er kjend for å vere moderne og innovativ. Stryn er ein av dei mest allsidige industrikommunane og opphav til store merkevarer som m.a. Moods of Norway. Vågsøy er den nest største fiskerikommunen i landet, og i Eid finn vi operabygda Nordfjordeid, med eige operahus.

Bre, fjord og hav på to timar 

Breane, fjorden, havet og fjella i Nordfjord er noko av det flottaste norsk natur kan by på. Innerst i Nordfjord glitrar breane mellom smale dalar, og her finn du Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. I midtre Nordfjord er fjorden breiare, sjølv om fjordarmen Hyenfjorden er dramatisk nok. Lengst ute opnar havet seg. Kystkulturen er spesiell, og fiskeværa fortel mange historier om svunne tider. Lengst ute tronar Vestkapplatået mot det mektige Stadhavet.

Eit eldorado for spennande aktivitetar 

Nordfjord er eit vandremekka, med over 200 merka turløyper, gode kart og variert natur. Bli med på brevandring på Bødalsbreen, ein arm av Jostedalsbreen, eller stå på ski på legendariske Stryn Sommerski. Derifrå er det kort veg til Stad, der du kan prøvesurfebrettet og vandre i det spesielle kystlandskapet. Fjorden, havet, glitrande innsjøar og elvar gjer Nordfjord til ein perfekt arena for dykking, bading, båtturar, kano- og kajakkpadling. For den actionsøkande kan også elve-rafting vere tingen, med brusande vatn som frådar rundt på alle kantar. Du kan også oppdage Nordfjord frå hesteryggen, i fjordhesten sitt eige rike. Nordfjord er også eit eldorado for fiske, både i vatna, lakseelvane, fjorden og havet.

Kultur og historie

Nordfjord har lange tradisjonar innan folkemusikk og kunsthandverk. Anders Svor Museum og Nordfjord Folkemuseum er nokre av stadane der du kan oppleve kulturen vår. På den sagnomsuste øya Selja kan du få høyre historia om St.Sunniva, blant klosterruinane til Selje Kloster. Heile året er det mange kulturarrangement med musikk, festivalar og forskjellige aktivitetar. I kulturkalendaren vår får du full oversikt. 

Det beste av det beste

Briksdalsbreen Briksdalsbreen. Fotograf: Thomas Bickhardt
Den mektige Briksdalsbreen er ein av dei største attraksjonane i Norge. Briksdalsbreen er ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark. Frå 1200 meters høgd stuper det ville brefallet heilt ned i den frodige, tronge Briksdalen. Breen ligg i enden av Oldedalen, rundt 20 km frå Olden. Frå fjellstova er det ein om lag 3 km lang grusveg opp til breen. Du kan gå eller bli køyrd i open bil. "Trollbilane" køyrer 2,5 km og dei siste 500 metera må ein gå. Stien er tilrettelagt for rullestol/barnevogn. Briksdalsbre Fjellstove er open frå medio april til medio oktober. Sommarsesongen går det brebuss t/r Stryn-Briksdal. 
Les mer om Briksdalsbreen

Skåla Skålatårnet Fotograf: Hotel Alexandra
Det karakteristiske fjellet Skåla ligg på 1848 meter over havet. I 1891 blei det bygd eit rundt tårn med ei tre-etasjes køyseng med tilsaman 22 sengeplassar. Dette er ein spektakulær topptur med utsikt over fjord, fjell og isbrear. Turen blir rekna for å vere Norges lengste motbakke med foten i fjorden. På dei gamle hellelagde stiane og steintrappene er det ei kulturoppleving å vandre her, med fantastisk fjordnatur på alle kantar. Tårnet på toppen er ei sjølvbetent DNT hytte. 
Les mer om Skåla

Selje Kloster Selje Kloster Fotograf: Terje Rakke/Nordic Life
På øya Selja, 15 min. båttur frå Selje, ligg ruinane av Selje kloster, kanskje Norges eldste kloster. Klostertårnet er intakt. Klosteret vart bygt av Benediktinermunkar tidleg på 1100-talet, til minne om St. Sunniva, Vestlandets vernehelgen. Hit har menneske reist i over 1000 år, for å oppleve Noregs fyrste pilegrimstad, med unike kulturminne frå vikingtid og mellomalder.
Les mer om Selje Kloster
Les mer om båttur til Selje Kloster

Stryn Sommerski Stryn Sommerski Fotograf: Terje Rakke/Nordic Life
Kva med ein skiferie midt på varmaste sommaren? Høge fjell og nordisk klima gjer skikøyring mogleg nesten heile året. Stryn Sommerski er det mest kjende sommarskisenteret i Nord-Europa, med flotte forhold gjennom sommaren. Skisenteret ligg ved den 100 år gamle nasjonale turistvegen, Gamle Strynefjellsvegen (riksveg 258). Her kan skiglade turistar frå mai til juli oppleve sommarsnø på sitt beste. Stryn Sommerskisenter ligg 1065 m.o.h. og heisane tek deg opp til toppen på 1600 m.o.h. Det er ei spesiell oppleving å stå på ski i sol og varmegrader, kun ikledd shorts eller bikini. Det er alltid eit yrande liv i og rundt sommerskisenteret. Hugs solkrem, solbriller, lette kle, men også vindtette kle, for veret kan skifte fort. 
Les mer om Stryn Sommerski

Surfing på Stad  Surfing. Fotograf: CH/Innovasjon Norge
På Stad finn du ideelle forhold for surfing med bølgjer frå storhavet, kvite sandstrender og dei bratte fjellsidene som ei perfekt ramme. Kanskje tenkjer du først på palmesus og tropevarme i sydlige strøk når du høyrer om surfing. Minst like eksotisk er det å surfe i det vakre kystlandskapet på Stad. Lenge har desse fantastiske strendene vore skjulte surfeperler, men no har fleire og fleire fått augene opp for surfinga i havgapet. På den kilometer lange sandstranda i Hoddevik finn du ein av Norges beste og vakraste surfeplassar. Tre mil unna ligg den sikre spoten Ervikstranda, og her finst det nesten alltid bølgjer.  
Les mer om surfing på Stad

Korleis kome seg hit

Nordfjord er lett å nå, og hit kjem du med buss, bil, fly og båt. Finn ut meir om transportmoglegheitene.

Sist oppdatert   23.11.2012  

Videoer

Her kan du sjå eit utvalg videoar frå regionen vår.


Kontaktinformasjon

Reisemål Stryn & Nordfjord AS
Perhusvegen 24, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40  
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

 

Logo DSN

Våre partnarar