Legevakta femner om kommunane Eid, Stryn, Vågsøy og Hornindal. Den nye legevaktordninga betyr i praksis at det er ein lege på vakt i regionen mellom klokka 22 og 08 på kvardagar og i helga. Fram til klokka 22 vil det vere lokal legevakt i den enkelte kommune.
Legevakta har kontor på Nordfjord sjukehus. MR-venterommet er venterom for legevakta. Her er det fjernsyn og ein telefon der pasientane kan ringje direkte til legevaktsentralen. Rommet er også video-overvaka slik at legevaktsentralen kan følgje med i pasienttrafikken. Både legekontoret og kontoret til ambulansetenesta ligg vegg i vegg med venterommet.
Telefonnummer til legevakt:
Stryn: +47 57 87 69 90