Frå 1. mai blir Vestlandsbussen, Ekspressbussen Bergen – Trondheim og Ekspressbussen Bergen – Førde til Fjordekspressen
Ekspressbussruter som inntil no har hatt namn som Fjordekspressen, Vestlandsbussen, Ekspressbussen Bergen – Trondheim og Ekspressbussen Bergen – Førde, vert frå 1. mai samla under namnet Fjordekspressen. Dette gjeld også regionruter mellom Stryn og Ålesund.
- Dette gjer vi for å rydde litt opp i produktnamna mellom Bergen og Sogn og Fjordane, og for å gjere det enklare for dei som skal bruke rutetilboda våre, seier marknadssjef for buss i Fjord1, Svein-Arne Vik.
Samstundes blir det gjort nokre tilpassingar i rutetilbodet:
Nattbussen frå Trondheim til Bergen endrar avgangstid frå kl 2000 til kl 2230 frå Trondheim. Dette gjev ruta mykje betre korrespondansar i Stryn mot heile Nordfjord og store delar av Sunnmøre.
Ny avgangstid frå Stryn kl 0615 til Førde kl 0845 – Bergen kl 1220.
Ny tidlegrute frå Førde kl 0515 til Bergen kl 0850.
Ny avgangstid frå Bergen kl 1020 til Førde, endring frå dagens avgang kl 0900.
Innstilte ruter: Førde kl 2030 – Nordfjordeid – Stryn
Stryn kl 0720 – Førde kl 0945 – Bergen kl 1320.
Fjordekspressen er ein del av rutenettverket til NOR-WAY Bussekspress. Meir informasjon på www.fjordekspressen.no
For ytterlegare informasjon: Fjord1 v/Svein-Arne Vik, Tlf. 57 87 46 03