26.-28. april 2010 vart det 38. Norwegian Travel Workshop gjennomført i Molde. Trass i at askeskyene frå Island gjorde livet vanskeleg for mange veka før, så vart det i løpet av tre hektiske dagar avholdt 8000 salsmøter mellom 263 norske tilbydarar og 277 utanlandske turoperatørar. Reisemål Stryn & Nordfjord deltok saman med fire andre bedrifter frå Nordfjord. NTW er Innovasjon Norge avd. reiseliv sitt største årlege marknadsarrangement, der norske og utanlandske operatørar vert invitert til å delta. Desse vert invitert til Norge for å møte representantar frå den norske reiselivsnæringa, for å orientere om nye produkt og forhandle direkte om prisar og vilkår for neste års sesong.
I april neste år er det Haugesund som skal vere vertskap for Norwegian Travel Workshop.