Landbruk og fiske høyrer til dei naturgjevne føresetnadane i Nordfjord, og desse næringane står framleis sterkt i regionen. Det syner att i dei mest velsmakande kjøt- og fiskerettar, akkopagnert av sesongens bær frå skog og fjell, og norsk frukt.
I kystkommunane våre står fisken sentralt. Ein moderne fiskeflåte og ei godt utbygd oppdrettsnæring spelar på lag med foredlings- og eksportverksemder heilt i verdstoppen. Så her på kysten er ein stolte av den høge kvaliteten på fiskeråvarer. Eit nytt produkt frå kysten av Nordfjord er Omega 3 of Norway.
Norsk Gardsmat er eit anna kvalitetsstempel, i Nordfjord kan du smake på flatbrød, grue-steikte brød og bakervarer.