Vi tar turar på norsk, engelsk, tysk og fransk - og er det trong for andre språk, har vi kolleger som handterer det meste av slike utfordringar.
…om de har lagt opp turen på førehand og programmet er klart, er vi gjerne med på ei dagsutflukt eller tre ut frå hotellet dykkar. Vi kan også møte dykk ein avtalt stad og vere med nokre dagar på norgesrundreisa - eller på heile turen.
...eller vi kan planlegge turen for dykk ut frå dei ønska de måtte ha med omsyn til overnattingsstader, lengda på dagsetappane, kva de har lyst å oppleve på reisa, kor mykje det skal koste...etc.
...vi har etter kvart god kunnskap om det meste
og tilpassar innhaldet vi gjev turen dykkar etter det gjestene finn interessant. Dersom spørsmåla om kyrkje- og kristenliv blir mange, ja då stoppar vi ved ei opa kyrkje og går inn og fortel dei det. Eller eit oppdrettsanlegg. Eller ein gardsfjøs. For eksempel, altså.
...vi sit ikkje berre i bussen med mikrofon, men går gjerne turar langs historiske vegar eller besøker stader og bygningar som fortel noko spesielt og viktig - vi kan til og med gå fjellturar med dykk og i taulag på bre-isen.
...du finn oss mellom Bergen og Trondheim.