Annonser

Brevandring på Bødalsbreen

Jostedalsbreen er den største isbreen på det Europeiske fastlandet.

Brevandring på Bødalsbreen
Foto: Kai Storjohann
Brevandring på Bødalsbreen
Foto: Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norge

Bli med på brevandring på Bødalsbreen, ei brearm frå Jostedalsbreen. Her kan du på nært hald oppleve den intense blåfargen på isbreen.

Pris kr 650 p.p. inkl. guide og utstyr.

Bødalsbreen
Ei fantastisk naturoppleving for heile familien, der ein vandrar i eit slakt dalføre frå Bødal seter og inn på breen. På veg til breen kryssar ein elv og bekkefar i bortimot urørt natur, saman med eigen guide som fortel om landskap og historie frå området. Denne turen passar for dei som har normal fysisk kondisjon, frå 8 år og oppover.

Alt nødvendig breutstyr er inkludert. Gjesten sjølv tek med varme klede og nistepakke for ein dag ute i naturen. Operatør kan og supplere skotøy om dette er ynskjeleg.

Møtestad er på Sande Camping i Lodalen, ca. 10-15 min. køyring frå Loen innover i Lodalen, der det er oppmøte kvar dag klokka 10.00. Her møter ein guidane som informerar om turen. Deretter køyrar ein til Bødal parkering i eigne bilar, og går saman med guide herifrå til breen. Våre guidar kan i enkelte tilfeller hente gjester ved Joker butikken i Loen, rett ved Hotel Alexandra, dette må avtalast på forhand. Ved større grupper kan breførarselskap organisere transport.

Breturane går dagleg frå 1.juni til 30.september og turen tar totalt 5-6 timar, der ein er ca. 3 timar på breen. Rutene på breen kan variere fra dag til dag, alt etter breens formasjons-endringar. Ved ekstrem verendring kan turen verte kansellert på kort varsel, men dette er ikkje vanleg. Det er fra 10 – 12 deltakarar pr. guide/taulag.

Turen har utgongspunkt frå Sande Camping.

Breturen må førehandsbestillast, og vert gjennomført med minimum 2 personar.


Briksdal Adventure tilbyr også brevandring på Brenndalsbreen.

Booking og informasjon:
Tlf. +47 57 87 68 05 – Fax. +47 57 87 68 08
rogeir@briksdalsbre.no 

www.briksdal-adventure.com

Sist oppdatert   21.03.2012  

Kontaktinformasjon

Reisemål Stryn & Nordfjord AS
Perhusvegen 24, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40  
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

 

Logo DSN

Våre partnarar