Annonser

Bestill her






 
 
Tagget med

Refviksanden er Norges finaste strand

Det meinar lesarane som har delteke i avstemminga på klikk.no. Over 5.000 stemmer er komne inn i kåringa av Norges finaste strand. Vinnaren er Refviksanden utanfor Måløy i Vågsøy kommune, med heile 54 prosent av stemmene.

Refviksanden i Vågsøy
Refviksanden i Vågsøy
Foto: Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norge

Dei kvite sandbankane i Vågsøy fekk over halvparten av dei vel 5 000 stemmene i avrøystinga til nettstaden. Badestranda er om lag 1,5 kilometer lang og er eit ynda reisemål for badeglade.

Refviksanden vart i 1988 kåra til Norges finaste badestrand av Dagbladet og fekk tre år seinare tredjeplass hos den same avisa. Då kåra Nitimen og NRK Refviksanden til den nest finaste badestranda.

Brennviksanden i Nordland tok andreplassen, medan Orrestrand i Rogaland hamna på tredjeplass i den siste kåringa.  

Sjå artiklar om saka:

Klikk.no: Dette er Norges fineste strand 

Dagbladet: Dette er Norges fineste strand

NRK: Her er Norges finaste strand

 

Plasseringane

1. Refviksanden utenfor Vågsøy, Sogn og Fjordane

2. Brennviksanden, Steigen, Nordland

3. Orrestrand, Jæren, Rogaland

4. Sandvestranden Karmøy, Rogaland

5. Solastranden, Stavanger i Rogaland

6. Borestrand, Jæren, Rogaland

7. Sjøsanden, Mandal, Vest- Agder

8. Bystranden, Kristiansand, Vest- Agder

9. Hvalstrad, Asker, Akershus

10. Storøyodden, Bærum, Akershus

11. Sjøstrand, Asker, Akershus

12. Vollen, Asker, Akershus

Sist oppdatert   17.06.2010  
RELATERTE PRODUKTER

Copyright © Eli Folven/Reisemål Stryn & Nordfjord

Vågsøy

Refviksanden

Den 1,5 km lange sandstranda er med sin kritkvite skjelstrand ei av Norges finaste badestrender. Stranda ligg i Refvik, ca 10 km frå Måløy. Her er det ein kommunal campingplass med toalett og dusj. Høve til overnatting i telt, campingvogn eller...

Copyright © CH/Innovation Norway

Selje

Hoddevik

I Hoddevik, ytterst på Stad, kan du vandre berrføtt på kvit sand, omkransa av høge fjellsider. Når du køyrer ned "hårnålsvingane" har du ei fantastisk utsikt. Hoddevik er ein ynda stad for surfarar frå heile verda. Staden er svært godt egna for surf...


Copyright © CH/Innovasjon Norge

Selje

Ervik

Nydeleg sandstrand på Stad. Populær for surfing. Ervik kyrkje vart bygd til minne om hurtigruteskipet St. Svitun som forliste her i 1943. Om dagen 30. september 1943 forlet hurtigruteskipet D/S Sanct Svithun Ålesund. Det var sørvest kuling og grov sjø,...


 
 
  
Reisemål Stryn & Nordfjord • Tinggt. 3 • NO-6783 Stryn • Tel.: +47 57 87 40 40 • Fax +47 57 87 40 41 • mail@nordfjord.no
 
/>