Annonser

Bestill her





 
 

Om nettstaden

Denne portalen er Nordfjord sin offisielle reiselivsportal. Herunder kjem Stryn, Hornindal, Gloppen, Eid, Vågsøy og Selje. Formålet med portalen er å marknadsføre regionen som reisemål og å fremje sal av produkt og tenester til Reisemål Stryn & Nordfjord sine medlemsbedrifter og kommunar. Målsettinga er at besøkande på nettstaden skal finne det dei treng å vite om reisemålet enten som turist, møteplanleggar, turoperatør, journalist eller medlem. Nettstaden er etablert og drifta av Reisemål Stryn & Nordfjord AS.

Reisemål Stryn & Nordfjord AS står for utvikling av design, namn, uttrykk etc. på portalen og har full eigedomsrett over alt innhald. Teknologisk utvikling og tilrettelegging av nettstaden er utført av Reaktor AS og Fjord Norge. Tellus IT leverer informasjonsdatabasen Destinator og bookingsystemet Guest Maker. Reisemål Stryn & Nordfjord er eigar av nettstaden og innhaldet i alle framtidige samanhengar og har opphavsretten og andre immaterielle rettigheter til nettstaden. Du kan lese meir om Reisemål Stryn & Nordfjord AS her.

Bilete, illustrasjonar, informasjon m.m. som er presentert på nettstaden er Reisemål Stryn & Nordfjord AS sin eigedom og kan ikkje nyttast av andre utan avtale. Dersom det er ønskeleg å bruke tekst eller bilete frå nettstaden, venlegast kontakt Reisemål Stryn & Nordfjord AS, e-post mail@nordfjord.no, tlf. 57 87 40 40. Bilete som skal nyttast til ikkje-kommersielle formål kan lastast ned gratis frå vår elektroniske fotoservice. Bileta i basen kan kun nyttast gratis av alle som presenterer og marknadsfører regionen som reisemål, herunder media, reisebyrå, turoperatørar og andre arrangørar.

Vi set stor pris på kommentarar og forslag til forbetringar, venlegast kontakt mail@nordfjord.no  

Sist oppdatert   15.03.2010  

Kontaktinformasjon

Reisemål Stryn & Nordfjord AS
Perhusvegen 24, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40  
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

 

Logo DSN

Våre partnarar