Annonser

ITB Berlin

Reisemål Stryn & Nordfjord deltok 7. -11. mars på verdas største reiselivsmesse, Internationale Tourismus Börse (ITB) i Berlin. ITB er både fag- og publikumsmesse. 

ITB Berlin
Foto: Reisemål Stryn & Nordfjord

Reisemål Stryn & Nordfjord deltok 7. -11. mars på verdas største reiselivsmesse, Internationale Tourismus Börse (ITB) i Berlin. ITB er både fag- og publikumsmesse. På den første delen, som er fagmesse, deltok i år meir enn 10 000 utstillarar frå 187 land. 113.000 representantar frå reiselivsbransjen besøkte ITB på fagdagane. På publikumsmessa dei to siste dagane var nesten 60.000 innom. RS&N deltok under Fjord Norge paraplyen saman med sju andre destinasjonar på Vestlandet. Innovasjon Norge hadde koordineringsansvaret for den norske standen som også hadde deltakarar frå Nord-Norge, Trøndelag, Indre Austland og Oslo. På ITB er det også eit skandinavisk samarbeid, noko som gjer at Skandinavia blir meir synleg i det store mylderet av land og reisemål på messa. Fjordane er eit ettertrakta reisemål, og mange av dei som var innom standen hadde allereie bestemt seg for Norgesferie, dei fleste skulle anten på ferie med eigen bil eller på cruise. Mange hadde spørsmål om aktivitetar i naturen, spesielt vandring og fiske.

Sist oppdatert   17.04.2012   Av   Inger Elin

Kontaktinformasjon

Reisemål Stryn & Nordfjord AS
Perhusvegen 24, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40  
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

 

Logo DSN

Våre partnarar