Annonser

Cruiseturistar legg i snitt att 100 kr?

Ein artikkel med oppsiktsvekkjande konklusjonar har versert i ulike media den siste tida. Der vert det hevda at cruiseturistar berre brukar 100 kroner dagen.

Cruiseturistar legg i snitt att 100 kr?
Foto: Nils Støyva
Ein artikkel med oppsiktsvekkjande konklusjonar har versert i ulike media den siste tida. Der vert det hevda at cruiseturistar berre brukar 100 kroner dagen. Dette er openbart feil. Tala er henta frå forskningsprosjektet Tourism Yield. Medan cruisepassasjerane og bussreisande brukte i snitt rundt 100 kroner per person per dag, la kvar enkelt som kjem med fly og bil igjen henholdsvis 633 og 400 kroner dagleg. (Kjelde: NTB). Det viser seg at undersøkinga er gjort blant 500 turistar, der ein antek at 25 personar kjem frå cruise/Hurtigruta. Altso ikkje eit representativt utval! Cruiseundersøkinga som derimot vart gjort på oppdrag av Næringsdepartementet i fjor hadde eit representativt utval på 2073 personar, med snitt forbruk på kr. 1000,- per besøk. Link til undersøkinga finn du på: www.cruise-norway.no/viewfile.aspx?id=3123
Sist oppdatert   17.04.2012  

Kontaktinformasjon

Reisemål Stryn & Nordfjord AS
Perhusvegen 24, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40  
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

 

Logo DSN

Våre partnarar