Annonser

Bestill her






 
 

Ny sti til Kjenndalen

Stien inn mot Kjenndalsbreen er lagt om og utbetra betrakteleg denne sesongen. No går stien høgare i terrenget og ender midt i dalen med ei 360 graders utsikt til fossane ned fjellsida og Kjenndalsbreen. Stien har fått eit toppdekke som gjer han framkomeleg også med rullestol.

Kjenndalen
Kjenndalen
Foto: Anne Rudsengen/SNO
Kjenndalstien endra og utbetra
Foto: Anne Rudsengen/SNO

Forsiktig utbetring

Inste del av Kjenndalen ligg i Jostedalsbreen Nasjonalpark, og elva har status som verna vassdrag- Ei omlegging og utbetring av stien måtte difor gjerast så skånsomt som mogleg. Kvart år vitjar kring 40 000 personar Kjenndalen, og det er eit ynskje at dei skal ha høve til å få ei god oppleving av den dramatiske naturen inne ved breen. Utbetringa var naudsynt ettersom breelva i fjor tok delar av stien. Stien er difor lagt litt høgare i terrenget og det er bygd fleire kloppar for å unngå at elva og sidebekkar skal øydelegge han igjen. Stien går no inn til eit nytt utsiktspunkt. Ikkje heilt inn til breen.

Samarbeid

Utbetringa av stien er eit samarbeid mellom Statens Naturoppsyn, Kontaktutvalet i Loen og Reisemål Stryn & Nordfjord. Arbeidet er utført av Drageset Maskin ved Finn Drageset som har nytta spesialtilpassa maskiner til arbeidet for å lage minst mogleg sår i terrenget. I tillegg er torv, lyng og anna vegetasjon lagt inn på sidene for å få ei fin sluttføring av stien. Litt meir revegetering og steinsetting av delar av stien kan vere naudsynt å gjere i løpet av sommaren.

Sist oppdatert   28.06.2010  
RELATERTE PRODUKTER

Copyright © O.J. Tveit

Stryn

Lodalen

Lodalen med Kjenndalsbreen har flott natur, og dalen si dramatiske historie gjer dalen spesiell. ...


Copyright © Sindre Jacobsen

Stryn

Krunefossen

Krunefossen er den 12. høgaste fossen i Norge og Europa ut frå totalt fall. Fossen ligg i Kjenndalen i Stryn kommune. Fossen får vatn frå Krunebreen, ein brearm av Jostedalsbreen, like nord for Kjenndalsbreen....

Lodalskåpa

Stryn

Jostedalsbreen Nasjonalpark

Jostedalsbreen Nasjonalpark vart oppretta i 1991 og dekkjer eit område på 1310 km2. Jostedalsbreen er den største isbreen på fastlandet i Europa, og dekkjer 487 km2 av parken. Nasjonalparken har òg mange andre store og mindre brear. 7 kommunar har område...



 
 
  
Reisemål Stryn & Nordfjord • Tinggt. 3 • NO-6783 Stryn • Tel.: +47 57 87 40 40 • Fax +47 57 87 40 41 • mail@nordfjord.no
 
/>