Hausten i Nordfjord er fargerik og forfriskande for kropp og sjel. Gå i fjellet og opplev fargane i naturen, bli med på jakt, opplev hauststormane på kysten, bli med på arrangement eller kos deg i bassenget eller med spa behandling på eit av våre spa hotell.

Sandalsvatnet i Gloppen
Foto: Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norge

Besøk ein støl
Foto: Edvin Ande Hugvik
Vandring - den beste årstida
Nyt den skarpe haustlufta og den lave sola, og fjellet som badar seg i friske fargar. Regn i lufta er vel ikkje noko hinder heller. Her vil du oppleve gamle setermiljø, fossefall, frodige elvar, utsikt over dalføre, fjelltoppar og brear. Vi har eit godt utval av turkart med beskrivelse av dei ulike fjellturane.
Jakt og fangst
Hausten er tid for jakt og fangst, og i Nordfjord er det fint å jakte. Nokre av reiselivsbedriftene har løyve på hjort.
Brevandring
Jostedalsbreen er den største isbreen på det Europeiske fastlandet. Bli med på brevandring på Bødalsbreen eller Brenndalsbreen, der du på nært hald kan oppleve intense blåfargar og levande formasjonar i breen.
Fjordhestriding
Fjordingen er Nordfjord sin eigen hesterase, og fleire stader i Nordfjord kan rideinteresserte oppleve vakker vestlandsnatur frå hesteryggen. Ridetimar, dagsturar, rideleirar.
Storm ved Stad
"Storm ved Stad" er eit kjent begrep i vermeldinga, og dette fenomenet er mogleg å oppleve på nært hald. Kråkenes Fyr har heilårsope, og her kan du oppleve at bølga slår over taket medan du kosar deg inne med ein varm kopp kakao. Naturen på kysten av Nordfjord er mektig og facinerande. Les meir om fyrferie her!
Helse og velvære
Tre av hotella i Nordfjord tilbyr flotte badeanlegg og Spa/Thalasso behandling. Spa tyder "helse gjennom vatn" og har i hundreår handla om mineralhaldig vatn, varme kjelder og avspenning. Tenk så deileg å kome inn i varmen og bli tatt vare på, og berre koble fullstendig ut Finn ut meir
Innhaldsrik kulturhaust
Hausten bringer med seg eit utruleg rikt kulturprogram i Nordfjord-regionen. Bli med på teaterforestillingar, konsertar, dans, messer og ein heidundrande Oktoberfest. Opera Nordfjord er haustens kulturelle høgdepunkt.
Vi ynskjer deg ein fin haust, med friske opplevingar!
Klikk her for overnatting
Klikk her for arrangementsoversikt