Annonser

Tagget med

Moods of Norway

I den vesle bygda Stryn, fekk dei to lokale designerane Simen Staalnacke og Peder Børresen ideen til konseptet Moods of Norway. Etter kvart møtte dei den tredje musketeren, Stefan Dahlkvist og dei byrja å forme framtida for klesmerket. No har Moods of Norway blitt ei internasjonal merkevare med eventyrleg suksess.

Moods of Norway
Moods of Norway
Foto: Pål Laukli/Moods of Norway
Moods of Norway
Moods of Norway
Foto: Ole Musken

Glade klede for glade menneske

Moods of Norge har gjort seg sterkt bemerka sidan oppstarten i 2003. - Vårt hovedmål, bortsett frå å gjere våre bestemødre glade, er å lage glade klede for glade menneske rundt om i heile verda, seier dei kreative karane. Moods of Norway er kjent for sin særeigne stil og innhaldsrike moteshow.

Internasjonal suksess

Moods of Norway har etablert ei internasjonal merkevare, og har etablert seg m.a. i Sverige, Benelux, Sveits, Spania, Japan og USA . Ein Gråtass-traktor i gull og prøverom  utforma som utedoar har allereie sett stryningane på kartet i Los Angeles og no ser det ut til at dei om kort tid opnar butikk i New York.

Stryn er hovudbasen

Merket har framleis sitt hovudkontor og showroom i Stryn. Fotoshoots og filmar foregår alltid i Stryn, og heimstaden føl Moods of Norway gjennom alt dei gjer. Sommaren 2012 lanserte dei filmen ”Stryn International Color Film Festival”, i samband med moteshowet dei hadde i Oslo Konserthus under Oslo Fashion Week.

www.moodsofnorway.com

Sist oppdatert   30.01.2014  
RELATERTE PRODUKTER

Copyright © Ole Musken

Stryn

Moods of Norway, Stryn

Moods of Norway er eit klesmerke produsert i Stryn. Gründerne bak klesmerket er Peder Børresen og Simen Staalnacke. Med på laget er også økonomisjef Jan Egil Flo. Børresen og Staalnacke fikk tildelt Scheiblers Legats Talentpris for 2006, for god...


Kontaktinformasjon

Reisemål Stryn & Nordfjord AS
Perhusvegen 24, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40  
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

 

Logo DSN

Våre partnarar