Annonser

Bestill her





 
 
Explore Nordfjord

Velkomen til Nordfjord

Stryn, Hornindal, Gloppen, Eid, Vågsøy og Selje

Få stadar er naturen meir variert og opplevingane så mangfoldige som i Nordfjord. Breane, fjorden, havet og fjella i Nordfjord er vertskap for noko av det flottaste norsk natur har å by på.

Lodalen
Lodalen
Foto: Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norge
Kannesteinen
Kannesteinen
Foto: Thomas Bickhardt/BickFoto

Mangfaldige Nordfjord

Isbreen, fjorden, kysten og fjella i Nordfjord representerer noko av det flottaste norsk naturkan by på. Her finn du både idylliske kystsamfunn og fredelege innlandsbygder, moderne bygdebyar og eit dramatisk landskap. Alt ligg til rette for deg som ynskjer ein stille tur aleine, eller vil delta på organiserte spenningsaktivitetar.

Korte avstandar - store opplevingar

La deg fascinere av den mektige Jostedalsbreen og oppleve ein guida bretur på Bødalsbreen. Bli brun i ekte høgfjellssol, medan du nyt snøen på Stryn Sommerskisenter. Landskapet opnar seg, og havlufta møter deg. La musklane kvile på ei kvit sandstrand, bli med på fisketur, eller prøv surfebrettet på Stad. I kystbyen Måløy kan du ete reker og bli med på guida byvandring.

Eventyrleg kultur

Ri på ein fjordhest, det er her dei høyrer heime. Reis til historiske Selje Kloster. La guiden på Nordfjord Folkemuseum ta deg med blant gamle bygningar med sjel, eller gli utover Europa sin djupaste innsjø - Hornindalsvatnet. Unn deg sjølv ein time med spa etter ein storslagen fjelltur. Eller opplev ein livat laurdagsmarknad blant låge pittoreske trehus i Eidsgata.

Sist oppdatert   23.03.2010  

Kontaktinformasjon

Reisemål Stryn & Nordfjord AS
Perhusvegen 24, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40  
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

 

Logo DSN

Våre partnarar