Annonser

Surfing på Stad

På Stad finn du ideelle forhold for surfing med bølgjer frå storhavet, kvite sandstrender og dei bratte fjellsidene som ei perfekt ramme.

Surfing på Stad
Surfing på Stad
Foto: Lapoint
Hoddevik
Hoddevik
Foto: Lapoint

Kanskje tenkjer du først på palmesus og tropevarme i sydlige strøk når du høyrer om surfing. Minst like eksotisk er det å surfe i det vakre kystlandskapet på Stad. Lenge har desse fantastiske strendene vore skjulte surfeperler, men no har fleire og fleire fått augene opp for surfinga i havgapet.

Hoddevik og Ervik

På den kilometer lange sandstranda i Hoddevik finn du ein av Norges beste og vakraste surfeplassar. Tre mil unna ligg den sikre spoten Ervikstranda, og her finst det nesten alltid bølgjer.

Stad Surfing

I Hoddevik kan surfarar, både nybegynnarar og vidarekomne, kome og bu i det store kvite huset Strandro, som ligg eit steinkast frå det store blå Atlanterhavet. Dette er basen for Stad Surfing som tilbyr kurs på ulike nivå og har utleige av brett og anna utstyr.

Lapoint

Litt lenge inne i Hoddevika finn du Lapoint Surfcamp. Her kan du også bu og leige utstyr, samt velje mellom ei lang rekke tilbod, som kurs, ungdomscamp og surf med familien.

Velkommen til surfeparadiset på Stad!

Sist oppdatert   27.02.2014  
RELATERTE PRODUKTER

Copyright © Lapoint

Selje

Lapoint Surfcamp

Dei fleste tenker på palmar og tropisk varme på Hawaii eller i Australia når dei tenker på surfing. Minst like eksotisk er det å surfe mellom dei bratte fjellsidene i havgapet på Stadt. Stadlandet har lenge vore ei gøymd surfeperle som mange først i det...

Copyright © Thomas Bickhardt

Selje

Stad Surfing

På den kilometer lange sandstranda i Hoddevik finn du ein av Norges beste og vakraste surfeplassar. Tre mil unna ligg den sikre spoten Ervikstranda, og her finst det nesten alltid bølgjer. I Hoddevik kan surfarar, både nybegynnarar og vidarekomne, kome...



Kontaktinformasjon

Reisemål Stryn & Nordfjord AS
Perhusvegen 24, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40  
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

 

Logo DSN

Våre partnarar