Stryn Sommerski gjev deg ei anleis sommaroppleving i imponerande Vestlandsnatur. Stryn Sommerski passar for alle som ynskjer ei skioppleving om sommaren enten du er ein barnefamilie, ynskjer å køyre terrengpark eller frikøyring. Strynefjellet er staden for off piste, og kan by på mange gode toppturmoglegheiter.

Kafe og skishop
Foto: Frode Sunde
Stryn Sommerski finn du på Strynefjellet, 45 km aust for Stryn sentrum. Skisenteret ligg langs fylkesveg 258 - kjent som Gamle Strynefjellsveg og er nasjonal turistveg. Vegen er vanlegvis vinterstengt frå medio oktober til slutten av mai. Stryn Sommarski opnar så snart vegen er rydda for snø, og har ope så lenge snøen ligg i anlegget. 18.mai 2013 opnar senteret (kl 10-16) og held ope lørdag, søndag og mandag. Tysdag-torsdag held dei stengt før dei opnar for fullt igjen fredag 24.mai, og har ope kvar dag ut sesongen.
Eit sommareventyr
Frå basen på 1080 moh tek ein stolheis deg opp til 1300 moh. Derifrå er det ein T-heis som bringer deg opp til toppen på fantastiske 1600 meter over havet, der ein får følelsen av å vere på Norges tak med utsikt over bre, høge fjell og djupe fjordar. Her er det berre å nyte mjuke svingar i preparerte bakkar, tørr pudder eller slush-aktig sommarsnø.
Faktaopplysningar
- Antal heisar: 1 stolheis og 1 t-krokheis
- 3- 5 preparerte nedfartar; blå, rauød og grøn.
- ca 5 km langrennsløype på breen
- Høgste punkt: 1600 moh
- Fallhøgde: 540 m
- Gode parkeringsmuligheter
- Kafeteria med godt utval av kalde og varme rettar, øl og vin
- Skishop med skiutleige og skiservice
- Gode sanitærforhold
Lokale eigarar
Stryn Sommerski vart i 2010 overteke av lokale eigarar, og det er ny giv og frisk satsing i Stryn. Det er no ei god blanding av store tunge aktørar som Nordfjord Kjøtt, Moods of Norway og Stryn kommune som gjev eit trygt og godt fundament. I tillegg eit breidt spekter av andre lokale bedrifter som skapar engasjement og muligheter.
NB! Respekter skilting og merking i anlegget. Det er forbode å fjerne eller endre oppsett merking. Hugs at snøen på eit sommerskianlegg er spesiell, og forholda endrar seg rakst. Vær merksam på dette. Dersom du ynskjer å gå på toppturer eller køyre off piste, anbefaler vi å ta kontakt med Stryn Sommerski for råd/tips om guiding.
Mange overnattingsmoglegheiter
Stryn har massevis av overnattingsmoglegheiter, og alltid noko som passar dine ynskje. Ta kontakt, så hjelper vi deg med bestillinga, eller sjekk ut alternativa sjølv.
Velkomen til verdas gladaste skisenter, Stryn Sommerski!