Vestkapp ligg 496 m.o.h, og er eit av dei mest spektakulære utsiktpunkta på kysten av Norge. Fjellklippa er nesten flat på toppen og stuper bratt ned i havet. På godversdagar har ein panoramautsikt i alle himmelretningar, til Sunnmørsalpane, Hornelen, Ålfotbreen og det frykta Stadhavet.
Du treng ikkje klatre 8848 meter over havet for å føle deg på toppen av verda. På Vestkapp finn du det verste og beste vêret, den beste utsikta og ei unik historie med særprega kulturtradisjonar.
Vestkapp gir deg ekstreme opplevingar i behagelege omgjevnader.