Annonser

Selje Kloster

Hit har menneske reist i over 1000 år, for å oppleve Noregs fyrste pilegrimstad, med unike kulturminne frå vikingtid og mellomalder.

Selje Kloster
Foto: Thomas Bickhardt
Selje Kloster
Foto: Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norge

Det første pilgrimsmålet i Norge

På øya Selja, 15 min. båttur frå Selje, ligg ruinane av Selje kloster, kanskje Norges eldste kloster. Klostertårnet er intakt. Klosteret vart bygt av Benediktinermunkar tidleg på 1100-talet, til minne om St. Sunniva.

Selja vart i 996 det første pilgrimsmålet i landet då kong Olav Tryggvason fann relikviar i ei hole på øya.

Norge har to mannlege helgenar, (St.Olav og St.Hallvard) og ein kvinneleg, St.Sunniva, Vestlandets vernehelgen. Ho kom i land på øya Selja. St.Sunnivahola, der Sunniva i følgje legenda døydde, er ei stor fjellhole med murleivningar og spor etter den første kyrkja, vigd til erkeengelen Michael. Frå 1068 til 1170 var Selja bispesete for heile Vestlandet.

«Acta Sanctorum in Selio» - Forteljinga om dei heilage på Selja

Legenda fortel at den irske kongsdottera Sunniva flykta då landet hennar blei hærteke av heidningar og den nye kongen ville gifte seg med henne. Vind og straum førte dei nordover. Båten som Sunniva var i hamna til slutt på øya Selja. Her budde dei i bergholer. Håkon jarl, som tidlegare hadde lagt heile Norge under seg, og var no på veg til øya etter rykter om dei ubedne gjestene. Då dei såg at Håkon Jarl og følgjet hans var på veg, gjekk dei inn i helleren og bad til Gud om at han måtte "gje sjelene deira den ævelege kvila og la englane sine bryte ned fjellet og gravleggje dei under det". Bønene vart høyrde, og berget rasa. Ei stund etter vart Håkon jarl drepen, og den kristne kongen Olav Tryggvason tok over. Uforklarlege ting skjedde på Selja, og fleire og fleire vitemål om dette nådde den nye kongen. Til slutt reiste kongen og bispen ut på Selja. Dei undersøkte staden, og fann levningar etter det irske følgjet. Etter dette bygde dei ei kyrkje på øya, og soga seier at "der har Gud gjort teikn og store gjerningar til denne dag". I 996 fann dei kroppen til den heilage Sunniva, heil og uskadd. I 1170 flytta dei Sunniva til Bjørgvin og sette skrinet i Kristkyrkja.

På øya finn ein og:

  • Tuftene etter den første soknekyrkja, som seinare vart flytta til fastlandet.
  • Ruinar av St.Sunnivakyrkja, på same staden der Olav Trygvasson bygde ei av dei første kyrkjene i landet.
  • Ruinar av St.Albanuskyrkja, klosterkyrkje vigd til den engelske helgen St.Albanus.

Klosterruinane blir i dag brukte til kyrkjelege handlingar som t.d. messer og vigsler. På sørsida av øya er det óg funne fleire vikinggraver og restar av eit langhus (gard) frå jernalderen.

Kystpilegrimsleia

Det vert utarbeidd vandreruter mot Selja. Sunnivaleia frå Kinn til Selje er allereie etablert, og fleire ruter vert vekt til live. På vegen til eller frå Nidaros mot Selja kan ein kome innom stader som Edøy, Giske, Grip, Vedøy, Borgund, Bud og Vanylven. Velkjende stader frå vår kyrkjehistorie og kongesagaene. Ein ser føre seg ein vev av stiar og vegar som fører til Selja. På veg til Selja kan ein velje seg kortare eller lengre vandreruter; som det passar for bein, kondisjon og temperament. Når ein endeleg står ved klosteranlegget - så skjønar ein med ein gong kvifor det vert arbeidd så intenst for at denne staden skal tilhøyre alle sin bevissthet. Les meir om pilegrimsvandringa her.

Les meir på www.seljekloster.no

Sist oppdatert   03.07.2014  
RELATERTE PRODUKTER

Copyright © Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norge

Selje

Båttur til Selje Kloster

To timars guida tur til Selje Kloster. Faste avgongar frå Selje hamn med Klosterbåten. Guiding på klosteret er inkludert. Grupper etter avtale. Selja vart i 996 det første pilgrimsmålet i landet då kong Olav Tryggvason fann relikviar i ei hole på øya....

Copyright © Thomas Bickardt/BickFoto

Selje

Selje Kloster

På øya Selja, 15 min. båttur frå Selje, ligg ruinane av Selje kloster. Klostertårnet er intakt. Klosteret vart bygt av Benediktinermunkar tidleg på 1100-talet. Legenda om den heilage St.Sunniva, som leid martyrdøden her, lever vidare. Selja vart i...


Copyright © Thomas Bickhardt/BickFoto

Selje

Vandring over øya Selja til Selje Kloster

Gå i kloster Turen over Selja endar der kristninga av Norge starta. Sunnivahola og klosteret på Selja er viktige fortidsminne som gjer fortida levande. Helleren der Sankt Sunniva skal ha blitt teken av ras då ho søkte tilflukt frå den heidenske kong Håkon Jarl - har i lange tider vore eitt av dei viktigaste pilegrimsmåla i Norge. Då passar det bra at den finaste måten å oppleve Selja på er å følgje den smale sti - enten via toppen av øya eller langs sjøsida.


Kontaktinformasjon

Reisemål Stryn & Nordfjord AS
Perhusvegen 24, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40  
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

 

Logo DSN

Våre partnarar