På 1848 meter over havet er ein på toppen av Skåla i Loen. I 1891 blei det bygd eit rundt tårn med 22 sengeplassar. Opphavsmannen var Hans Henrik Gerhard Kloumann, doktor av utdanning, med rekreasjon for kropp og sjel som grunnlag for byggverket. I alle år har dette vore eit populært fjellmål, og mange har sprunge opp bakkane for å slå rekordane som går på folkemunne.
Skåla er rekna som Norges høgaste fjelltopp som har foten i sjøen. Skålatårnet er ei sjølvbetjent DNT hytte, og er kanskje Norges, eller verdas mest spesielle turisthytte. Den er i dag driven av Bergen Turlag. På dei gamle hellelagde stiane og steintrappene er det ei kulturoppleving å vandre her, med fantastisk fjord-natur på alle kantar. Vanleg tur-tid er berekna til fem timar opp og tre timar ned.
Kvart år vert motbakkeløpet Skåla Opp arrangert i midten av august. Skåla Opp er Norges og Nord-Europas tøffaste motbakkeløp.
Alle snakkar om at dei har gått fort opp på Skåla, og no har du sjansen til å bevise det. Arrangør er Loen Idrettslag og Hotel Alexandra. Både konkurranse- og mosjonsklasse.