
Selje Kloster
Foto: Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norge
Historie
I Nordfjord finn du mange historiske stadar og spor. Selje Kloster, vikingtid, gamle handelsstadar, krigshistorie og mykje anna.
Kunst og handverk
Fleire stadar i Nordfjord er det lange tradisjonar for handverk. Treskjæring står veldig sterkt i Hornindal. Her finn ein også Anders Svor Museum og Kunstgalleri. Om sommaren blir det arrangert fleire kurs i kunsthandverk i Hornindal. I kommunevåpenet er det tre blad til Honndals-ljåen som er avbilda. Du kan også få kjøpt ulike former for lokalt handverk. På Gamlebutikken på Hjelle i Oppstryn kan du få kjøpt lokal kunst og bruksgjenstandar.
Musikk
Folkemusikken står sterkt i kulturkommunen Hornindal. Grupper som "Fjøgl" og "Honndalstausene" er høgt respekterte musikarar. Og kven har ikkje høyrt "Fagre Stryn" sine smektande tonar. Per Bolstad komponerte denne medan han såg utover Strynevatnet ein sommardag. Arne M. Sølvberg er ein annan respektert musikar frå Nordfjord. Han vann Spelemannsprisen for sitt arbeid med norsk folkemusikk. Sigrid Moldestad, Fjøgl og Oline Løvlid er andre ambassadørar for gamle tradisjonar innan folkemusikken i Nordfjord. Nordfjord kan også by på visesong. På Ulvesund fyr laga Sølvi Hopland si plate "Fyrlys". Eller kanskje vi kan by deg til opera? Den årlege oppsetjinga til Opera Nordfjord har blitt ein stor suksess, med dyktige songarar og spennande oppsetjingar. Av den meir moderne forma for musikk kan vi nemne at Mariann Thomassen frå Surferosa er frå Stryn. The Vineyards har også deler av sitt opphav i Stryn.
Mattradisjonar
Frå gamalt av var Nordfjordingane eit nøysamt folk, og ikkje noko som kunne nyttast til mat gjekk vekk. Det vart brukt konserveringsmetodar som tørking, salting og røyking av kjøt og fisk. Gombe og lefse er høgtidsmat i Nordfjord, og Fjellstad Gardskjøkken har ynskt å synleggjere denne tradisjonen. Der vert Gombe produsert for sal i butikkar over heile Nordfjord og deler av Sunnfjord. På garden Aabrekk i Oldedalen driv Signe Aabrekk gardsmatproduksjon under namnet Lykle. Her bakar og sel ho flatbrød, potetkake, lefse, ramsløksmør m.m. Signe brukar gamle oppskrifter og baketeknikkar. Alt vert kjevla ut med handemakt. Ein spesialitet er hennar gruebakte brød som er bakt i steinovn bak grua. TV-kokk har vi og. Lars Barmen har sitt opphav frå øya Barmen i Selje.
Nordfjordbunaden og Nordfjordkofta
Nordfjordbunaden til dame har vore laga sidan 1928-29. Den er sydd med svart stakk, og svart, grønt eller raudt liv. Det er heime-vevne band rundt stakken, nede og på livet. Det er foldar i stakken. Forklede er i krune-, fotaforkle- og åttebladsrosemønster. Både damer i Nordfjord og dei som har tilknyting til Nordfjord brukar denne stilreine flotte bunaden, som berre blir meir og meir populær. Nordfjordkofta er teken fram i lyset igjen. Solhjulet er det mest karakteristiske med den i mønsteret. Vil du vite meir kan du kontakte Reidun Strand på Nordfjordeid.