Annonser

Skriv utSkriv ut

Vikingtida i Nordfjord


Kontakt
Adresse:
6782 Stryn

Webwww.nordfjord.no


Beskrivelse

Det er funne mange spor etter vikingtida i Nordfjord.

Steinkrossen på Rygg, Gloppen
Steinkrossen på Rygg er frå sein vikingtid eller tidleg mellomalder. Han har keltiske og anglikanske trekk. Kanskje markerte han ein bønestad?

Utanlandske gravgåver, Gloppen
Gloppen er eit område som er svært rikt på funn av importerte gravgåver. Sjølv om nokre av desse sakene kom til Gloppen som handelsvarer, er nok ein del røvargods. I ei kvinnegrav på Sandal i Myklebustdalen er det funne ametystar frå Midt-Austen, delar av eit frankisk traktglas og ei bronsespenne som truleg stammar frå eit irsk relikvieskrin.

Gravfunn og gamal steinkross i Loen, Stryn
Tidlegare var det minst tjue gravhaugar i Loen. I ein av desse haugane er det funne ei ubrend kvinnegrav frå yngre jernalder. På kyrkjegarden i Loen står ein steinkross med
keltisk form. Kanskje stod krossen opphaveleg i Krossvika ved fjorden.

Kvinnegraver frå vikingtida, Oppstryn
I Oppstryn er det funne fleire interessante kvinnegraver frå vikingtida. Kvinnene var langt frå usynlege i det gamalnorske samfunnet og kunne ha høg status. Truleg var mange menn lenge borte på handelsferder og i viking. Slik vart kvinnene gjerne hovudpersonen på gardane.

Spor etter vikingtida i Hornindal
I vikingtida fekk dei døde med seg reiskap og personleg utstyr som gravgåver. Både på Tomasgard (Raudemel) og på Grodås er det funne graver med slikt innhald. Enkeltgjenstandar funne i Hornindal kam stamme frå enkle graver utan haug eller røys over.

Gravhaugane på Myklebust, Eid
Denne garden var truleg eit maktsenter i Nordfjord i perioden 700-1000. I ein av gravhaugane på Myklebust vart ein mann gravlagd i eit stort skip på 800-talet. Dette var Kong Audbjørn av Fjordane. Sjå NRK-programmet "Det brende skipet" om hendinga: http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/661230/ 
I ein annan stor gravhaug er det funne graver frå eit tidsrom på 250 år. Dette er truleg familiegraver.

Bautasteinane på Naustdal, Eid
Desse bautasteinane er knytte til soga om kong Vemund av Fjordane og det 90 mann store følgjet hans som vart brent inne av Ragnvald Mørejarl hausten 870.

Gamal tingstad på Moldøen, Vågsøy
Her heldt truleg Magnus den gode ting for bøndene i Nordfjord i år 1035. Magnus ville at bøndene skulle hyllle han til norsk konge. Til gjengjeld lovde Magnus at bøndene skulle få betre lover og meir fridom.

Spor etter vikingtida på Refvik, Vågsøy
På Refvik ligg det fleire gravhaugar frå yngre jernalder. I ein av haugane er det funne ei ubrend mannsgrav frå vikingtida.

Runesteinen på Barmen, Selje
Runeskrift vart gjerne nytta i samband med religiøse handlingar. Nokre runeinnskrifter hadde truleg magisk karakter, medan andre var til minne om døde personar.

Gamalt båtdrag over Dragseidet, Selje
Nård det var dårleg ver og vanskeleg å sigle rundt Stad, hende det at dei farande drog båtane sine over Dragseidet. Etter sogene var det på Kongshaugen på toppen av Dragseidet at Olav Tryggvason kristna fire fylke i år 997.


Kontaktinformasjon

Reisemål Stryn & Nordfjord AS
Perhusvegen 24, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40  
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

 

Logo DSN

Våre partnarar