Annonser

Skriv utSkriv ut

Selja Kloster


GPS koordinater
Breddegrad: 62.052718804
Lengdegrad: 5.2998733520
Transportbeskrivelse

Båt
Klosterbåten: http://www.seljekloster.no/ruter.php

Fasiliteter

Aktiviteter

Båtturer, Guidede turer


Generelle fasiliteter

wc


Kontakt
Adresse:
6740 Selje

Telefon+47 57 85 66 06
Faks+47 57 85 68 36
E-postturistinfo@selje.kommune.no
Webwww.seljekloster.no


Beskrivelse
På øya Selja, 15 min. båttur frå Selje, ligg ruinane av Selje kloster. Klostertårnet er intakt. Klosteret vart bygt av Benediktinermunkar tidleg på 1100-talet. Legenda om den heilage St.Sunniva, som leid martyrdøden her, lever vidare.

Selja vart i 996 det første pilgrimsmålet i landet då kong Olav Tryggvason fann relikviar i ei hole på øya. På øya Selja, 15 min. båttur frå Selje, ligg ruinane av Selje Kloster - kanskje landets eldste kloster. Klostertårnet er intakt. Dette klosteret blei bygt av Benediktinar-munkar tidleg på 1100-talet, til ære for St.Sunniva. Legenda om den heilage Sunniva, som leid martyrdøden her, lever vidare. Norge har to mannlege helgenar, (St.Olav og St.Hallvard) og ein kvinneleg, St.Sunniva, Vestlandets vernehelgen. Legenda fortel at den irske kongsdottera Sunniva flykta då landet hennar blei hærteke av heidningar og den nye kongen ville gifte seg med henne. Ho kom i land på øya Selja. St.Sunnivahola, der Sunniva i følgje legenda døydde, er ei stor fjellhole med murleivningar og spor etter den første kyrkja, vigd til erkeengelen Michael. Frå 1068 til 1170 var Selja bispesete for heile Vestlandet.

På øya finn ein og:

■Tuftene etter den første soknekyrkja, som seinare vart flytta til fastlandet.

■Ruinar av St.Sunnivakyrkja, på same staden der Olav Trygvasson bygde ei av dei første kyrkjene i landet.

■Ruinar av St.Albanuskyrkja, klosterkyrkje vigd til den engelske helgen St.Albanus.

■Klosterruinane blir i dag brukte til kyrkjelege handlingar som t.d. messer og vigsler.

På sørsida av øya er det óg funne fleire vikinggraver og restar av eit langhus (gard) frå jernalderen.
Relaterte produkter
Copyright © Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norge

Selje

Båttur til Selje Kloster

To timars guida tur til Selje Kloster. Faste avgongar frå Selje hamn med Klosterbåten. Guiding på klosteret er inkludert. Grupper etter avtale. Selja vart i 996 det første pilgrimsmålet i landet då kong Olav Tryggvason fann relikviar i ei hole på øya....

Copyright © Thomas Bickhardt

Selje

Pilegrimsvandring Giske - Selje

Vandring 1.7 - 5.7.2015.  Vandring fra Giske til Selja Leder for vandringen blir sokneprest i Giske Geir Sakseid . Vi kommer tilbake med flere detaljer omkring vandringen i november. Vi gleder oss - prøvevandringen i sommer ga store naturopplevelser....


Kontaktinformasjon

Reisemål Stryn & Nordfjord AS
Perhusvegen 24, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40  
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

 

Logo DSN

Våre partnarar