Annonser

Briksdalsbreen

Den mektige Briksdalsbreen er ein av dei største attraksjonane i Norge. Briksdalsbreen er ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark. Frå 1200 meters høgd stuper det ville brefallet heilt ned i den frodige, tronge Briksdalen - eit syn som kvart år trekkjer til seg 300 000 gjester frå heile verda.

Briksdalsbreen
Foto: Thomas Bickhardt/BickFoto
Briksdalsbreen
Foto: Melkevoll Bretun/Markus Hahn

Briksdalsbreen ligg i enden av Oldedalen, rundt 20 km frå Olden. Frå fjellstova er det ein om lag 3 km lang grusveg opp til breen. Du kan gå eller bli køyrd i open bil. "Trollbilane" køyrer 2,5 km og dei siste 500 metera må ein gå. Stien er tilrettelagt for rullestol/barnevogn. Briksdalsbre Fjellstove er open frå medio April til medio oktober. Sommarsesongen går det brebuss t/r Stryn-Briksdal.

Mange aktivitetar

Du kan få oppleve breen på nært hald ved å bli med på bresafari i raftingbåtar på vatnet. Dette er ein aktivitet for heile familien, og her padlar ein mellom isbitane. Nede ved fjellstova finn du aktivitetsparken. Her er det klatretårn, løypestreng og mykje meir. Parken er forbeholdt grupper som bestiller på førehand. Det fins også mange vandremoglegheiter i Briksdalen og Oldedalen. Brevandringa er flytta til Brenndalsbreen på grunn av isforholda.

Dei første turane

Midt på 1800-talet dukka dei første turistane opp i Briksdalen. Det var helst engelske rikfolk som kom på denne tida. Men då vegen Rustøen - Briksdal kom rundt 1890 vart det meir fart i turismen. Mange av turistane vart køyrt opp til breen i høyvogn, som seinare vart utskifta med stolkjerrer. Etter 1. verdskrig eksploderte turiststraumen. Eitt til to tusen turistar kunne besøke Briksdal på ein dag. Ein tur - returbillet på Oldevatnet med ”Briksdal” kosta 30 øre. Oldedalen var utan vegsamband fram til 1955, difor var folket avhengig av vatna som ferdselsåre. Den første motorbåten vart sett i drift i 1915 og den hadde rutedag kvar dag gjennom heile året. I 1891-92 bygde Anders Briksdal ei turisthytte og hadde utsal av mellom anna øl, brus, mjølk, brød og rømmekolle. Det var også høve til å overnatte for folk som skulle gå over breen til Jostedalen eller til Jølster gjennom Oldeskaret. Under krigen vart det ikkje drive turistdrift. Etter krigen dreiv dei både turisme og gardsdrift, men turismen tok meir og meir over, og i 1966 vart geitene selde. Fjøset vart ombygd til souvenirbutikk og overnattingshus for turistane. I 2005 vart hesteskyssen erstatta av “Trollbilar” med betre kapasitet.

NB!

Det er svært farleg å bevege seg nær breen, og alle må respektere sperringane som er sett opp.

Sist oppdatert   14.06.2013  
RELATERTE PRODUKTER

Copyright © Thomas Bickhardt

Stryn

Briksdalsbreen

Den mektige Briksdalsbreen er ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark. frå 1200 meters høgd stuper det ville brefallet heilt ned i den frodige, tronge Briksdalen - eit syn som kvart år trekkjer til seg 300 000 gjester frå heile verda. God mat og drikke,...

Copyright © Briksdalsbre Fjellstove

Stryn

Briksdalsbre Fjellstove - restaurant

Fjellstova har kafeteria, restaurant og spisesalar med sitjeplassar til meir enn 550 personar. Vi held ein innhaldsrik meny av så vel varme som kalde rettar, som kan nytast med utsikt til spektakulære tindar og fossande breelvar. Vi arrangerer...


Copyright © Oldedalen Skyss

Stryn

Trollbil til Briksdalsbreen

Med opne "Troll"-bilar til Briksdalsbreen. Sesong mars - november. Avgong ca kvart 45 min. frå kl 08:00. ...



Kontaktinformasjon

Reisemål Stryn & Nordfjord AS
Perhusvegen 24, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40  
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

 

Logo DSN

Våre partnarar