Annonser
På ei reise gjennom Nordfjord vil du oppleve ein sjeldan kontrastrik natur; frå blåkledde brearmar, mektige fjell og frodige dalar, til Stadhavet som slår inn mot kysten. Opplev storslått natur, historie og kultur.
Glitrande fjord og himmelvidt hav, ruvande fjell og lokkande strender, blå isbrear mellom grøne dalar. Like vakkert og forførande uansett ver.
Selje kloster, Dragseidet, vikinggraver, krigsminner.
Dei mange musea og galleria er nokre av stadane du kan ta del i kulturen vår.
Bli med til levande bygder og bygdebyar.
Gamle Strynefjellsvegen er ein av dei mest populære attraksjonane i distriktet, og der og mange andre stadar kan du oppleve utsiktspunkt som tek pusten frå deg.