Annonser

Bestill her





 
 
Tagget med
Vandring
Instagram - foto frå turen din!

Instagram - foto frå turen din!

Tag med #fjordspor #nordfjord #fjordnorway og vis oss dine bilete frå turen!

Klikk for flere detaljer

 
Fotograf: Thomas Bickhardt

Turar på Selja og Stad

Turar på historiske og ville Selja og Stad, med overnatting på Selje Hotel.

2300,-

Klikk for flere detaljer

 

Fjordspor

Vandring i Nordfjord

Fjella i Nordfjord stig frå fjorden og heilt opp i over 2000 meter. Her finn du over 230 merka turstiar i variert terreng. Ingen andre stadar enn her finn du denne nærleiken mellom fjord, hav, fjell og isbrear. Og det milde klimaet på kysten, gjer vandring mogleg heile året.

På veg ned frå Hoven i Loen. Utsikt mot Skåla og Lodalen.
På veg ned frå Hoven i Loen. Utsikt mot Skåla og Lodalen.
Foto: Ernst Riha
Vandring frå Hovden mot Ervik
Vandring frå Hovden mot Ervik
Foto: Inger Elin Nes Hjelle

Gå på tur i indre Nordfjord med høge fjell og smale dalar, midtre Nordfjord med breiare landskap og runde toppar, eller ytre Nordfjord med sitt karakteristiske kystlandskap. På dei godt merka turstiane vil du oppleve gamle setermiljø, fossefall, frodige elvar, utsikt over dalføre, fjelltoppar og brear. Variasjonsgraden er stor, frå familievenlege turar på ein halvtime til 10 timers fjellturar som krev fysisk styrke.

Sjå her for forslag til turar. 

Turkart

På turistinformasjonane får du kjøpt gode turkart over dei fleste områda i Nordfjord. Her får du også informasjon om guida fjellturar. Eid kommune har lagt ut si turbok for fri nedlasting. Det kan vere nyttig å repetere fjellvettreglane og reglane for allemannsretten før du legg ut på tur. Pakk sekken med fotoapparat, god mat og drikke.

Ei større oppleving med guide

Fleire tilbyr guida vandreturar, der du også får lære litt om naturen og historia. Dei tilfører også tryggleik og erfaring. Det er viktig å hugse at guida turar treng eit minimumsantal av deltakarar. Dei lokale turlaga har turar heile året.

Seterbesøk

I Nordfjord er det mange støylar. Dette er fine turmål i vakker vestlandsk natur. På dei fleste setrane beitar det dyr, og på nokre er det mogleg å leige eit sel til overnatting eller berre til å ete nista si i.

Natur- og kulturstiar

Fleire stadar i Stryn kommune kan ein oppleve og lære om naturen og kulturen på diverse merka stiar. I Flostranda, Briksdalen, Hjelledalen, Erdalen og Kjenndalen er det tilrettelagt for naturstiar, der du mellom anna kan lære om floraen og korleis landskapet har blitt forma av isen. På Ulvedal og Hammerstunet/Tvinna på Nordsida kan du gå kulturløyper.

Den Trondhjemske postvei

Vegen vart bygd i åra 1786-92 etter kongeleg resolusjon og var ein av dei tre hovudpostrutene som først knytte dei største byane i Norge saman. Langs denne ruta er det flotte vandremoglegheiter.

Nordsjøløypa

Nordsjøløypa er ei "løype" av vandringsvegar i kulturlandskapet - frå sør til nord på heile Vestlandet. Gamle ferdslevegar og nyare turstiar blir bundne saman i eit nettverk av offentlege transportmiddel, sykkelvegar, båtar og overnattingsstader i historiske miljø. Merka turløype frå Vågsberget til Kannesteinen.

Brevandring

Jostedalsbreen er den største isbreen på det Europeiske fastlandet. Bli med på brevandring på Bødalsbreen eller Brenndalsbreen, der du på nært hald kan oppleve intense blåfargar og levande formasjonar i breen.

Sist oppdatert   30.01.2014  

Kontaktinformasjon

Reisemål Stryn & Nordfjord AS
Perhusvegen 24, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40  
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

 

Logo DSN

Våre partnarar