Å dra på tur krev planlegging, og vi håpar vi kan hjelpe med det. I Norge har vi utarbeida eit sett med fjellvettreglar, som har blitt en del av den norske friluftslivstradisjonen. Her finn du ei oversikt over det viktigaste du bør tenke på før du legg ut på tur.
Fjellvettreglane er utarbeida av DNT og Norges Røde Kors på grunnlag av årelang fjellerfaring. Allemannsretten gjev alle rett til å ferdast i norsk natur. Fjellvettregelnr. 9 er kun for vinterturen, så den er ikkje tatt med her. Hensikta med fjellvettreglane er å bidra til ein trygg og opplevelsesrik tur. Uansett om du har lite erfaring med friluftsliv, eller er ein dreven fjellvandrar er det lurt å ha fjellvettreglane i bakhovudet før og under turen.
Naturen er sårbar
Bruk sunn fornuft og varsomhet når du ferdast i fjellet. Vis hensyn til dyre og plantelivet. Ver nøye med å rydde raste- eller teltplassen når du reise, slik at du unngår å sette spor etter deg. Avfall tek du med deg, ingenting skal ligge igjen. Sjå på kart og finn informasjon om det området du skal på tur i. Respekter ferdselsreglar i friluftslivs- og naturvernområde.
Mobilvett
Mange stadar i den norske fjellheimen er utan mobilnett. Ha dette i bakhovudet når du legg ut på tur. Du kan ikkje gjere deg avhengig av mobiltelefonen i fjellet. Du må vere
utrusta til å gjennomføre den turen du legg ut på. Været endrar seg raskt, og naturkreftene kan vere voldsomme høgt til fjells.
Fjellvettreglane
1. Legg ikkje ut på langtur utan trening
Du bør ha tatt nokre turar med sekk, både i og utanfor stiar i forkant av turen. Bruk det utstyret du planlegg å nytte på turen, då får du sjekka det samtidig. Gjennomfør også treningsturar i dårleg ver og på vanskeleg føre. Fjellturen si lengde må tilpassast din fysiske og psykiske form, di erfaring og det utstyret du har med. Tenk gjennom den ruta du har valt. “Kan eg avbryte turen tidlegare enn planlagt dersom det blir dårleg ver? Kan eg endre rute undervegs?"
2. Meld frå kvar du går
Dersom du har sagt kvar du går og ombestemmer deg, må du prøve å melde frå. Da slipper du at det vert sett i gong unødige leiteaksjonar. Mobiltelefonen virker ikkje alltid i fjellet. Gjer difor ikkje avtale om å ringe heim.
3. Vis respekt for ver og vermelding
Legg gjerne opp turen etter vermeldingen, men med god sikkerhetsmargin. Værmeldingene er ofte ikkje detaljerte nok til å vise lokalt ver i fjellområda, og veret kan skifte svært raskt. Føl difor med på meldingane også for tilgrensande strøk og skifte i veret utover dagen. Ver førebudd på dårleg ver!
4. Lytt til erfarne fjellfolk
Kjentfolk kan gje deg opplysningar om skredfare, vegvalg, gangtid og generelle forhold i fjellet.
5. Ver rusta mot uvær og kulde sjølv på korte turar
Ta alltid med ryggsekk og det utstyret som fjellet krev. Ta på meir klede om du ser at dårleg ver nærmar seg eller om temperaturen synker. Anorakk, vindbukser, vindvottar og varmt hodeplagg er fornuftige klede i fjellet. Hjelp andre med å kle på seg om det skulle bli naudsynt.
6. Bruk kart og kompass
Du bør vite korleis ein nyttar kart og kompass, og ha det med i sekken. Før du går, bør du studere kartet og teikne inn ruten for å få ein vellukka tur. Om det blir dårlegare sikt under turen, kan det vere vanskeleg å orientere seg. Det er difor viktig å følge med på kartet medan det er klarver, slik at du veit kvar du står. Les kartet medan du går, og teikn inn punkt du kan kjenne igjen på ruta. Stol på kompasset, og hald retninga mellom die oppteikna punkta dersom det skulle bli dårlig sikt.
7. Gå ikkje aleine
Om du går aleine er det ingen som kan gje førstehjelp eller gje beskjed til redningsmannskap dersom noko skulle skje. Likevel bør ein unngå tilfeldige og store grupper, då medlemmane i gruppa kan ha ulike forutsetningar for å greie seg i fjellet.
8. Vend i tide. Det er ingen skam å snu
Om veret eller føret skulle bli så dårleg at du tvilar på om du vil nå fram til målet, snu og gå tilbake. Ikkje tross veret, husk at andre kanskje må risikere livet for å redde deg. Om du endrar rute bør du få gitt beskjed til hytta eller hotellet som ventar på deg. Om du legg ut på tur i friskt og usikkert ver, kan det vere lurt å gå mot vinden først, slik at du har den i ryggen om du må snu.
Krevande terreng
Turar over isbreane krev kunnskap
Mange klassiske fjellruter i høgfjellet i Norge går over isbrear. Dette er turar som er svært krevande og man må ha kunnskap til å ferdast her. Enkelte av DNT sine stiar
kan vere merka opp til kanten av breane, men oppe på breplatået må du stole på eigne kunnskapar om orientering og brevandring, eller gå med førar. Mange opp- og nedgongar frå breen kan vere glatte og vanskelege å gå – spesielt i dårleg ver. Pass opp for ras ved brefrontane og der breene heng utover bratte fjellsider. Hugs at snøen kan skjule livsfarlege sprekker, og difor er sikringsutstyr påkrevd ved ferdsel på bre.
Bratt terreng
Det er mange stiar i fjellet som går i forholdsvis bratt og ulent terreng. Føl stien, den er det tryggaste vegvalet. I steinur er det viktig å halde balansen og passe på at du ikkje riv steinar ned over deg sjølv eller andre i turfølget ditt. Mange vil føretrekke å nytte vandrestaver i dette terrenget.
Vading av elv
Enkelte ruter i fjellet krev vading. Som oftast er det snakk om enkle vad, men om det er flaum kan de bli krevande. Her er nokre tips til korleis du kjem deg over bekken på ein trygg måte:
- Vad aldri utan at du føler deg sikker på å kome over. Der straumen er sterk bør ein ikkje vade dersom vatnet når over tykkleggen. Sjølv der straumen ikkje er sterk bør ein la vere å vade om vannet når over kneet.
- Prøv ikkje å hoppe eller steingå bekkar dersom du ikkje er sikker på å kunne halde deg på beina. Vandrestavar kan vere til god hjelp når ein steingår elvar og bekkar.
- Den beste staden å vade er der elva er grunnast og flyter seinast.
- Vad på skrå opp mot straumen. Beveg deg roleg og langsomt. Flytt berre ein fot eller en stav i gongen. Vandrestavar eller ein kjepp er effektivt å støtte seg til.
UTSTYR
Ein må vere førebudd på alle typar ver på fjellet, sjølv sommerstid. Difor må du ta med klede og utstyr tilpassa sol og fint ver, men også snø, regn og mykje vind.
Klede
Inste laget med undertøy har som hensikt å transportere fuktighet ut frå kroppen. Ull er absolutt å anbefale for fjellturar. Ull held seg varm sjølv om det blir vått. Mellomlaget med klede har til hensikt å isolere kroppen, og transportere fukt heilt ut til det yste laget. Det skal isolere sjølv når det er vått. Fleire tynne lag med fleece eller ullgensarar enn ein tjukk gensar, gjer reguleringa enklare. Yttelaget skal vere vindtett. Det er ein fordel om det er vannavisande også, evt. ta med regntøy i tillegg.
Fottøy
Godt fottøy er svært viktig. Gode fjellstøvlar skal gje støtte for beina og god friksjon mot
underlaget. Det er også fint om støvlane held deg varm og tørr på beina. Nye fjellstøvlar må gås inn på forkant!
Vindsekk
Vindsekk betyr auka sikkerhet i fjellet. Dette er ein sekk som er vindtett så stor at du kan krype inn i den, og søke ly for vind og ver. Vindsekken er ei billig livsforsikring! Den kan også brukast som levegg til vindfulle pauser.
Last ned Innovasjon Norge si brosjyre "Sikkerhet i norske fjell" (pdf)