Annonser

Bestill her





 
 

Nordic Walking / Stavgang

Stavgang er ein fantastisk måte å variere vandring på. Faktisk er stavgang så effektivt at dersom du samanliknar med gange utan staver, har ein nesten dobbelt så høgt energiforbruk. Takka vere stavane blir pulsen høgare, og kaloriforbrenninga aukar fordi musklane i armane vert aktiver og brukt til å skyve kroppen framover. I tillegg er det skånsom trening for ledda i kroppen samanlikna med t.d. løping. I Nordfjord finn du mange vandreruter som egnar seg ypperleg for stavgong.

Nordic Walking/Stavgang
Foto: Destination Stryn & Nordfjord

Nordic Walking: Skramsdalen (Vågsøy)

Nivå:       Lett

Turen startar frå Måløy Stadion, og går til vassverket der det også er høve å parkere. Stien startar med bru over Skamselva. Vi følgjer fint preparert sti  som går med litt variert høgdeskilnad rundt Skramsvatnet. Det er mogleg å ta ein avstikkar på sti opp på eit mindre høgdedrag for å nyte utsikta.

Nordic Walking: Tonningssetra - Holevatnet (Stryn)

Nivå:       Middels

Turen startar frå Tonningssetra*, idyllisk setremiljø, og går på gruslagt veg opp til Holevatnet. Tonningssetra ligg på 440 m.o.h og turen går 3 km i barnevenleg terreng opp til Holevatnet, 800 m.o.h. Frå Holevatnet er det fint utsyn ned mot Nordfjorden, setrar, vatn og fjella omkring. Holevatnet er drikkevatnet til innbyggjarane i Stryn sentrum. Turen blir lettare å gjennomføre ved å nytte gåstavar (Nordic Walking) som ein kan få låne.  

*Det er 3-4 km bilveg forbi Stryn skisenter der det er P-plass evt. køyre vidare på bomveg til setra. 

Nordic Walking: Trondhjemske Postveg; Hornindal-Faleide

Nivå:       Middels

Turen startar ved gardane Svor, idyllisk plassert ved Hornindalsvatnet. Første del av turen går frå Svor opp på Kjøsahalsen, ein del stigning og eit par bratte parti. Frå Kjøsahalsen går vegen nedover att mot Hornindalsvatnet mot Øyebakken. Ved Sindre har vi 2 flotte, gamle bruer som er typiske for Trondhjemske Postveg. Frå Sindre går vegen i lett, kupert terreng gjennom Sør-Markane til Langeset, der vegen etter kvart går bratt nedover mot Faleide.

Vegen vart bygd i åra 1786-92 etter kongeleg resolusjon og var ein av dei tre hovudpostrutene som først knytte dei største byane i Norge saman. Tidlegare hadde all kommunikasjon føregått sjøvegen, men eit utbygd samband over land ville bli både mindre veravhengig og meir effektivt. Først var vegnettet tilpassa ridehest og kløv, seinare utbetra til kjerreveg. Denne vegen er forløparen til det vegnettet vi brukar i dag. Allereie i 1855-56 vart denne strekninga ombygd og tilpassa nye transportkrav, og er derfor ikkje bevart intakt over heile vegen. Nye og betre vegar vart lagt oppå den gamle, men du kan gå gamlevegen frå Faleide til Flore eller omvendt.

Postvegen kom til Nordfjord frå Skei i Jølster, og gjekk ned til Førde i Breim, og derifrå gjekk det med båt over Breimsvatnet i Reed. Frå Reed gjekk postvegen over Hole-Moldestad, opp Klypedalen, over Brekka og i nærast rett linje ned til Verlo i Utvik. Vidare frå Verlo gjekk det ned til fjorden, der det var båt til Faleide. På Faleide la ein til ved landingsbrygga, ei steinmura kai med trappetrinn, og denne ligg der intakt den dag i dag. Her bar det vidare til fots eller med hest til Kjøs. Her brukte ein båt innover mot Grodås i Hornindal. Dersom Hornindalsvatnet var frose eller isen usikker, gjekk ein enten til fots eller reid på hest om Kjøsahammaren til Hornindal. Så gjekk vegen ut av Nordfjord og over til Hellesylt på Sunnmøre.

Nordic Walking: Lotsstøylen - Sagetindane (Eid)

Nivå:       Middels

Lær Nordic Walking, også kalla stavgang, med kvalifisert instruktør. Eivind Skjerven frå Stryn er pensjonert lærar og sprek stavgåar. Vi går langs den idylliske fjellvegen frå Lotsstøylen til Sagetindane på nordsida av Nordfjorden i Eid kommune. Ta av frå riksvegen på Lote og køyr til Lotsstøylen. Parkering. Grusa bilveg heile vegen til toppen (1010 m.o.h). Middels tur med jamn stigning som passar godt for stavgang (Nordic Walking).  

Nordic Walking: Hunvikfjellet - Trollenykjen - Nordfjordeid

Nivå: Middels

Start ved det høgaste punktet på vegen over til Hunvik, Hanshjellen. Ta av frå kjerrevegen etter ca 200 meter. Gå først eit lite stykke på traktorvegen og føl så stien gjennom skogen til du kjem til Veten. Deretter går du vidare til TV-sendaren, føl ryggen austover til Dalsetra. Her er det viktig at du held høgda, da har du flottaste utsikta. Du går mellom to fjordar og har utsikt både langs heile Eidsfjorden og innover Gloppenfjorden. Stien vidare er ikkje så godt merka, med det skråar bratt oppover til eit skar. Der finn du ei rås der du går i eit dalsøkk utan så mykje utsikt. Her finn du råsa som går opp til Trollenykjen. Vegen nedatt til Nordfjordeid er godt merka. Turen er ikkje spesielt bratt, totalt er det ein høgdeforskjell på ca. 700 meter. Men det er ein forholdsvis lang tur, kanskje litt i det lengste laget for ungar under 10 år og folk som ikkje er vande til å gå i fjellet. Det er ikkje spesielt vått tereng. Det er viktig å ta med nok drikke sidan det ikkje er så mykje rennande vatn, spesielt den første delen av turen. 

Nordic Walking til Briksdalsbreen (Stryn)

Nivå:       Middels

Den mektige Briksdalsbreen er ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark. Frå 1200 meters høgd stuper det ville brefallet heilt ned i den frodige, tronge Briksdalen - eit syn som kvart år trekkjer til seg 300 000 gjester frå heile verda. Fossefall og frodige fjellsider gir deg ei flott naturoppleving. Tek du turen på ettermiddag/kveld er det større sjanse for at du får opplevingane for deg sjølv. Briksdalsbreen ligg i enden av Oldedalen, rundt 20 km frå Olden. Frå fjellstova er det ein om lag 3 km lang grusveg opp til breen. Stien er tilrettelagt for rullestol/barnevogn så denne er lett å gå.

Nordic Walking Fossane (Eid)

Nivå:       Middels

Her har du fleire alternative utgongspunkt for turen. Du kan starte heilt øvst i Myklebuståsen, ved bommen til anleggsvegen, og følgje denne oppover. Du kan starte ved Smalebrua (via Prestemarka eller via Kvernhusvegen i Myklebuståsen) og følgje stien oppover langs Fargarelva (følg vegen eit lite stykke inn i Myklebuståsen, så finn du stien), eller du kan starte heilt nede frå gymnaset (til venstre på vegen mot Prestemarka, like etter rundkøyringa) og ta den betonglagde vegen opp mot campinghyttene og vidare opp langs Fargarelva.

Nordic Walking: Ervik – Hovden (Selje) 

Nivå: Lett

Køyr til enden av vegen i Ervik. Parker ved nausta. Sti frå nausta og opp til toppen på fjellet Hovden (60 m.o.h).  Litt bratt på vestsida, men det er eit stykke frå stien. Flott utsikt. Tunnel, kanonstillingar og bunkeranlegg frå andre verdskrig.

Sist oppdatert   27.09.2010  
RELATERTE PRODUKTER

Copyright © Terje Rakke/Nordic Life/Innovasjon Norge

Stryn

Gåstavar - Stryn Turistinformasjon

Ved turistinformasjonen i Stryn kan du leige stavar til å bruke på vandreturen. ...


Kontaktinformasjon

Reisemål Stryn & Nordfjord AS
Perhusvegen 24, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40  
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

 

Logo DSN

Våre partnarar