No kan du leige sykkel i Hellesylt, sykle over Flofjellet og levere sykkelen i Stryn.
Parker bilen i Stryn om morgenen, ta bussen over til Hellesylt, leig sykkel på turistinformasjonen og trakk iveg over fjellet. Nyt naturen frå sykkelsetet på denne vakre strekninga, her startar du ved fjorden, forserer nokre høgdemeter opp til Flofjellet før du avslutter med herlige nedoverbakker ned til Oppstrynsvatnet. Siste delen går på flat veg fram til Stryn, her leverer du sykkelen på turistinformasjonen, enkelt og greit.
Bussen går frå Stryn 09.15 kvar dag, utanom helgane.
Bussruter Stryn-HellesyltTuren tek mellom 4 og 6 timar, og går frå Hellesylt – Vollset – Flofjellet – Flo - Stryn, eller omvendt. Dette er ein av dei beste turane ein kan sykle på sommarstid. Snøen ligg framleis på fjelltoppane, medan det er grønt og frodig i lavlandet.