Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid er det nasjonale senteret for avl og bruk av fjordhesten. Ope heile året. Rideleirar, ride-og køyreturar.
Kvar sommar arrangerer Norsk Fjordhestsenter rideturar i fjellet. Vi tilbyr turar på ein time eller to, over ein halv dag eller dagsturar. I vestlandsnaturen kan du oppleve fjordhesten i sitt rette naturlege element.
Ungdom og hest er ein god kombinasjon! Gjennom sommaren arrangerer vi fleire vekeslange rideleirar for ungdom. Her lærer elevane å behandle ein hest, dei får teoretisk opplæring, og sjølvsagt trening i riding, hopping og litt voltige.