Du lenar deg bakover. Under deg er det ein høg, loddrett fjellvegg du skal ned. Sikra i sittesele festa til topptau er dette lett match for nokre, medan andre får høg puls berre ved tanken. Dette er ei artig oppleving for dei fleste, og mange flyttar sine grenser når dei prøver seg på dette.
Vår rappell ligg ved Bjørset ved Jølstravanet, (Mellom Ålhus og Årdal i Jølster). Flott utsikt over Jølstravatnet når du har pause.
Ved større grupper nytter vi ofte Våtedalen som høve til at fleire kan rappellere samtidig.
Ta med solid skotøy, og klede etter veret. Vi held alt av spesialutstyr.
Aldersgrense 7 år.
Varighet: 2-3,5 timar (avhengig av antal deltakarar).