På den kilometer lange sandstranda i Hoddevik finn du ein av Norges beste og vakraste surfeplassar. Tre mil unna ligg den sikre spoten Ervikstranda, og her finst det nesten alltid bølgjer. I Hoddevik kan surfarar, både nybegynnarar og vidarekomne, kome og bu i det store kvite huset Strandro, som ligg eit steinkast frå det store blå Atlanterhavet. Stad Surfing arrangerer kurs på ulike nivå og har utleige av brett, våtdrakter og vinterdrakter.