Når vi forvaltar viltressursane våre, er det viktig at det skjer på ein slik måte at naturen sin produktivitet og artsrikdom blir oppretthalden. Innanfor desse rammene kan ein drive jakt til beste for landbruk og friluftsliv. I Noreg er alt vilt freda med mindre anna følgjer av Viltlova. Det gjer at det berre er eit fåtal artar det er lov å jakte på. Dei jaktbare artane har jakttider som er regulerte gjennom ei eiga forskrift. Vi skil til vanleg mellom småvilt og storvilt, og det er ulike krav som stillast til jegerar som jaktar småvilt og storvilt.
For alle jegerar og fangstmenn er det visse vilåוr som må følgjast før, under og etter jakt og fangst. Nokre av reiselivsbedriftene i Nordfjord har løyve på hjort. Desse er: Gloppen Hotell, Solheim Fiskeferie, Stryneelva Hyttegrend (også rypejakt) og Vollsnes Feriehytter
For meir informasjon om jakt og fangst i Norge kan du lese meir på nettsidene til Direktoratet for Naturforvaltning. På desse sidene finn du også informasjon om kva slags lover og reglar som gjeld. www.dirnat.no