Nordfjord har ei mengde innsjøar, tjern, bekkar og elvar. I dei aller fleste av desse er det fisk. Aure, røye og ål er dei vanlege artane. I elvar som munner ut i sjøen finn ein laks og sjøaure. Storeparten av alt dette er tilgjengeleg for folk flest.
Fiskekort som dekkjer større område er tilgjengeleg for deler av Eid og Stryn kommune, heile Hornindal kommune og storparten av Gloppen kommune. I dei store innsjøane er fiskekort tilgjengeleg for alle. Her er det godt fiske og gode bestander av aure og røye. Båt er til leige mange stader. Mindre vatn og tjern har ofte fin fisk. Fiskekart er tilgjengeleg for planlegging av turen på førehand, og turar som inkluderer fleire vatn, tjern og elvar kan gje god fangst og spanande opplevingar.
Gratis fiske i Lovatnet: Frå sesongen 2008 er det heilt gratis å fiske i Lovatnet i Stryn. No treng du ikkje lenger fiskekort for å fiske i eit av dei beste fiskevatna i fylket. Her kan du fritt fiske når du ynskjer. På forsommaren og hausten er garn eit godt alternativ, medan oter er fint på sommarstid. Det er også fint å fiske med stang frå båt eller land. I påska 2008 vart det drege i land ei stor og feit aure på 3,4 kg.
Laks og sjøaure er vanleg i dei større elvane. Nedgang i fangstkvantum dei siste åra har ført til avgrensa fiske i mange elvar, av dei største elvane er det i dag berre Eidselva som held oppe eit bra fangstkvantum, mykje takke vere eit godt sjøaurefiske. Av dei små elvane har flaumelva Ervikelva, ved Stad, hatt rekordfiske i 1998.