Annonser

Bestill her





 
 
RELATERTE ARTIKLER
River Stryn
Fiske og jakt

Fiske i Nordfjord

Nordfjord er eit eldorado for fiskeinteresserte. Nordfjord er "Fjorden med dei sju elvane", og har vore eit ynda reisemål for engelske fiskelordar. Innsjøar, elvar, fjord eller hav - valget er ditt.

Fiske og jakt
Foto: Bernd Kuleisa/IN

Innlandsfiske
Nordfjord har ei mengde innsjøar, tjern, bekkar og elvar. I dei aller fleste av desse er det fisk. Aure, røye og ål er dei vanlege artane. I elvar som munner ut i sjøen finn ein laks og sjøaure. Storeparten av alt dette er tilgjengeleg for folk flest.

Fiskekort som dekkjer større område er tilgjengeleg for deler av Eid og Stryn kommune, heile Hornindal kommune og storparten av Gloppen kommune. I dei store innsjøane er fiskekort tilgjengeleg for alle. Her er det godt fiske og gode bestander av aure og røye. Båt er til leige mange stader. Mindre vatn og tjern har ofte fin fisk. Fiskekart er tilgjengeleg for planlegging av turen på førehand, og turar som inkluderer fleire vatn, tjern og elvar kan gje god fangst og spanande opplevingar.

Gratis fiske i Lovatnet: Frå sesongen 2008 er det heilt gratis å fiske i Lovatnet i Stryn. No treng du ikkje lenger fiskekort for å fiske i eit av dei beste fiskevatna i fylket. Her kan du fritt fiske når du ynskjer. På forsommaren og hausten er garn eit godt alternativ, medan oter er fint på sommarstid. Det er også fint å fiske med stang frå båt eller land. I påska 2008 vart det drege i land ei stor og feit aure på 3,4 kg.

Laks og sjøaure er vanleg i dei større elvane. Nedgang i fangstkvantum dei siste åra har ført til avgrensa fiske i mange elvar, av dei største elvane er det i dag berre Eidselva som held oppe eit bra fangstkvantum, mykje takke vere eit godt sjøaurefiske. Av dei små elvane har flaumelva Ervikelva, ved Stad, hatt rekordfiske i 1998.

Les meir om innlandsfiske i Nordfjord

Bergen Sportsfiskere - info om Stryneelva, Loen, fiskereglar m.m.

Sjø- og kystfiske
Fiske i sjøen er fritt for alle. I fjordane kan det vere bra fiske, og spesielt dei som er ute etter ål kan fiske godt her. Beste sjøfisket opplever ein ved kysten. Både frå land og båt kan ein få fin fangst. Havfisketurar er mogleg med t.d. Sea Safari, Norway AdvenTURes og Solheim Fiskeferie.



Fiskesjukdomar i ferskvatn
Smitte spreiar seg lett og nokre enkle reglar må følgjast: Fiskereiskapen skal vere tørr, eller desinfisert, før den vert brukt i nye vassdrag. Tøm aldri vassbeholdarar o.l. direkte i vassdrag. Det er forbode å fiske med levande fisk som agn, og å spreie nye arter i vassdraga. Gjer deg kjend med fiskereglane og respekter dei.

Barn under 16 år fiskar gratis 1. januar - 20. august.
For meir informasjon om reglar for fiske kontakt Direktoratet for Naturforvaltning eller Fylkesmannen i Sogn og Fjordane - Landbruksavdelinga, Tel.: +47 57 65 51 51

Vanlege fiskeartar i Norge
Utstyr for fiske
Her kan du kjøpe fiskekort
Flugefiske i Nordfjord - fjorden med dei sju elvane
Sportsfiske i Gloppen
Eidselva
Båt- og fisketurar i Nordfjord
Tidevann og vannstand (velg Måløy som hamn)
Sjøvettreglane




Sist oppdatert   03.07.2013  

Jakt og fangst

Dei rike viltressursane i Noreg har gitt grunnlag for busetjing allereie mens store delar av landet var dekte av is. I historisk tid har jakt og fangst mange stader vore ei viktig attåtnæring, og dermed eit vesentleg element i norsk busetjing og levemåte. I dag er jakta ein viktig del av friluftslivet her til lands.



Kontaktinformasjon

Reisemål Stryn & Nordfjord AS
Perhusvegen 24, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40  
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

 

Logo DSN

Våre partnarar