Annonser

Skriv utSkriv ut

Brevandring på Bødalsbreen


GPS koordinater
Breddegrad: 61.85179
Lengdegrad: 6.911708
Fasiliteter

Aktiviteter

Brevandring, Guiding


Aldersgrense

Barn (8)


Gradering

Middels


Natur og terreng

Isbre, Kupert, Nasjonalpark


Sesong

August, Jul, Juni, September


Spesial

Fjellområde, Ved elv i dalbunn


Språk

Engelsk, Norsk, Svensk


Varighet

6 timer


Kontakt
Adresse:
Sande Camping
6789 Loen

Telefon57 87 68 05
Faks57 87 68 08
E-postpost@briksdalsbre.no
Webwww.briksdal-adventure.com


Beskrivelse

Jostedalsbreen er den største isbreen på det Europeiske fastlandet. Bli med på brevandring på Bødalsbreen, ei brearm frå Jostedalsbreen. Her kan du på nært hald oppleve den intense blåfargen på isbreen.

Ei fantastisk naturoppleving for heile familien, der ein vandrar i eit slakt dalføre frå Bødal seter og inn på breen. På veg til breen kryssar ein elv og bekkefar i bortimot urørt natur, saman med eigen guide som fortel om landskap og historie frå området. Denne turen passar for dei som har normal fysisk kondisjon, frå 8 år og oppover.

Alt nødvendig breutstyr er inkludert. Gjesten sjølv tek med varme klede og nistepakke for ein dag ute i naturen. Operatør kan og supplere skotøy om dette er ynskjeleg.

Møtestad er på Sande Camping i Lodalen, ca. 10-15 min. køyring frå Loen innover i Lodalen, der det er oppmøte kvar dag klokka 10.00. Her møter ein guidane som informerar om turen. Deretter køyrar ein til Bødal parkering i eigne bilar, og går saman med guide herifrå til breen. Våre guidar kan i enkelte tilfeller hente gjester ved Joker butikken i Loen, rett ved Hotel Alexandra, dette må avtalast på forhand. Ved større grupper kan breførarselskap organisere transport.

Breturane går dagleg frå 1.juni til 30.september og turen tar totalt 5-6 timar, der ein er ca. 3 timar på breen. Rutene på breen kan variere fra dag til dag, alt etter breens formasjons-endringar. Ved ekstrem verendring kan turen verte kansellert på kort varsel, men dette er ikkje vanleg. Det er fra 10 – 12 deltakarar pr. guide/taulag.

Det er mange overnattingsmoglegheiter i Loen og Lodalen: frå førsteklasses hotell til feriehus og enkle campinghytter. Turen har utgongspunkt frå Sande Camping som har ope heile året, og kan tilby hytter, leilegheiter og campingplass. Kontakt turistinformasjonen for booking: +47 57 87 40 53.

Breturen må førehandsbestillast, og vert gjennomført med minimum 2 personar.

Priser

Periode

Type

Pris fra

Kommentar

- Pr. personVoksne (fra 16 år)650,00(10% grupperabatt)
- Pr. personUngdom (8-15 år)325,00
Relaterte produkter
Copyright © Briksdal Adventure

Stryn

Briksdal Adventure - Bresafari ved Briksdalsbreen

Guida fotosafari på vatnet framfor Briksdalsbreen. Padling i raftingflåtar med guide. Ca 45 min. Opplev Briksdalsbreen på nært hold. Med store gummibåtar padlar vi mellom isfjella som flyt i vatnet. Oppleving for heile familien. Born saman med...

Copyright © Rune Holen

Stryn

Briksdal Adventure - Topptur

Briksdal Adventure tilbyr guida toppturar i fjella rundt Stryn. Skreddarsydde opplegg for grupper.

RIB rafting Briksdal Adventure

Stryn

Briksdal Adventure - RIB rafting på Nordfjorden

RIB tur på Nordfjorden. Turane kan variere i lengd, frå 15-20 min til 1 time, eller på spesielle førespurnader som t.d. heil- og halvdagstur. Båtane går i maks 50 knop, og har plass til 12 pers per båt. Avgong frå marinaen ved Hotel Alexandra /...

Copyright © Briksdal Adventure

Stryn

Briksdal Adventure - Brevandring på Brenndalsbreen

Jostedalsbreen er den største isbreen på det Europeiske fastlandet. Bli med på brevandring på Brenndalsbreen, ei brearm frå Jostedalsbreen. Her kan du på nært hald oppleve den intense blåfargen på isbreen. Turen tek 5-6 timar totalt, med ca 2-2,5 timar...

Copyright © Briksdal Adventure

Stryn

Briksdal Adventure

Briksdal Adventure er den største leverandøren av aktivitetar i Nordfjord. Brevandring, bresafari, RIB rafting, aktivitetspark, segling, fjellturar og servering. ...


Kontaktinformasjon

Reisemål Stryn & Nordfjord AS
Tinggt. 3, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40  
Fax +47 57 87 40 41
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

 

Logo DSN

Våre partnarar