Jostedalsbreen er den største isbreen på det Europeiske fastlandet. Bli med på brevandring på Bødalsbreen, ei brearm frå Jostedalsbreen. Her kan du på nært hald oppleve den intense blåfargen på isbreen.
Ei fantastisk naturoppleving for heile familien, der ein vandrar i eit slakt dalføre frå Bødal seter og inn på breen. På veg til breen kryssar ein elv og bekkefar i bortimot urørt natur, saman med eigen guide som fortel om landskap og historie frå området. Denne turen passar for dei som har normal fysisk kondisjon, frå 8 år og oppover.
Alt nødvendig breutstyr er inkludert. Gjesten sjølv tek med varme klede og nistepakke for ein dag ute i naturen. Operatør kan og supplere skotøy om dette er ynskjeleg.
Møtestad er på Sande Camping i Lodalen, ca. 10-15 min. køyring frå Loen innover i Lodalen, der det er oppmøte kvar dag klokka 10.00. Her møter ein guidane som informerar om turen. Deretter køyrar ein til Bødal parkering i eigne bilar, og går saman med guide herifrå til breen. Våre guidar kan i enkelte tilfeller hente gjester ved Joker butikken i Loen, rett ved Hotel Alexandra, dette må avtalast på forhand. Ved større grupper kan breførarselskap organisere transport.
Breturane går dagleg frå 1.juni til 30.september og turen tar totalt 5-6 timar, der ein er ca. 3 timar på breen. Rutene på breen kan variere fra dag til dag, alt etter breens formasjons-endringar. Ved ekstrem verendring kan turen verte kansellert på kort varsel, men dette er ikkje vanleg. Det er fra 10 – 12 deltakarar pr. guide/taulag.
Det er mange overnattingsmoglegheiter i Loen og Lodalen: frå førsteklasses hotell til feriehus og enkle campinghytter. Turen har utgongspunkt frå Sande Camping som har ope heile året, og kan tilby hytter, leilegheiter og campingplass. Kontakt turistinformasjonen for booking: +47 57 87 40 53.
Breturen må førehandsbestillast, og vert gjennomført med minimum 2 personar.