Annonser
I Nordfjord er du i dei beste hender dersom du vil ha ein aktiv ferie med rike opplevingar.
Klikk for flere detaljer
Kva med ein skiferie i midt på varmaste sommaren? Stryn Sommerski er det mest kjende sommarskisenteret i Nord-Europa, med flotte forhold gjennom sommaren. No har Stryn Sommerski fått nye lokale eigarar som satsar for fullt for å gi deg ei ultimat oppleving på sommarsnøen!
Nordfjord er eit eldorado for aktive menneske. Vil du vandre i stemningsfullt landskap, eller vil du teste motet i brusande elvar? Her er noko for alle; vandring, sykling, sommerski, klatring, surfing, brevandring, riding og mykje meir.
Opplev sykling, surfing, kajakkpadling, rafting, golf, riding og mykje meir!
Her finn du over 230 turløyper i variert naturterreng. Variasjonsgraden er stor, frå familievenlege turar på ein halvtime til 10 timars turar som krev fysisk styrke.
Sykkeltur på asfalt, traktorveg eller downhill på sti.
Jostedalsbreen er den største isbreen på det Europeiske fastlandet. Bli med på brevandring på Bødalsbreen, der du på nært hald kan oppleve intense blåfargar og levande formasjonar i breen.
Nordfjord er eit eldorado for fiskeinteresserte. Nordfjord er "Fjorden med dei sju elvane", og har vore eit ynda reisemål for engelske fiskelordar. Innsjøar, elvar, fjord eller hav - valget er ditt.
Bli med på organiserte tuar til fots, i båt eller buss.
Ta med heile familien og opplev noko spanande!
Tre av hotella i Nordfjord tilbyr flotte badeanlegg og Spa/Thalasso behandling. Spa tyder "helse gjennom vatn" og har i hundreår handla om mineralhaldig vatn, varme kjelder og avspenning.
Vinteren i Nordfjord byr på alpinanlegg med fjordutsikt, toppturar og milevis med langrennsløyper. Og på kysten kan du surfe, eller nyte vinterstormane frå land.