Få stadar er landskapet meir variert og opplevingane så mangfaldige som i Nordfjord. På ei reise langs Nordfjorden vil du oppleve kontrastrik natur, frå mektige fjell, djupe vatn, fossar, isbrear og fjord til Stadhavet som slår inn mot kysten vår. Opplev brevandring, turar på fjorden eller rusle i sola på kvite sandstrender. Attraksjonane ligg som perler på ei snor. Kom til Nordfjord, og la naturen og menneska inspirere deg. Den som reiser får sjå.
|
 |
|
 |
|
 | | Oversikt over Hornindal | | Ola Magne Strand |
Ved den gamle, velkjende turistruta mellom Sunnmøre og indre Nordfjord, ligg Hornindal. Det bur 1197 innbyggjarar i kommunen, der sentrum ligg ved det 514 m djupe Hornindalsvatnet, som er Europas djupaste innsjø. Hornindal er den minste kommunen i Nordfjord med sine 1200 innbyggjarar, og 190 km2.
Landbruk og industri er dei viktigaste næringsvegane i kommunen. Den moderne industrien har vakse fram i løpet av dei siste 40 åra. Særleg møbelindustrien har stått sterkt her.
Handverk, i hovudsak treskjæring, står veldig sterkt i dette dalområdet, i tillegg til folkemusikken. Anders Svor Museet innheld 450 skulpturar og har ofte gjesteutstillingar. Hornindal er også ein stad for friluftsinteresserte, og kan friste med flotte vandremoglegheiter og skimoglegheiter.
I kommunevåpenet er det tre blad til "Honndals-ljåen" som er avbilda.
Hornindal kan by på eit rikt og variert friluftsliv. Her er gode tilhøve for jakt og fiske, og mange merkte turstiar. I Hornindalsvatnet kan du fiske aure og røye, stå på vannski og surfebrett, bade eller ta ein tur med MB Dølen. I Grendadalen er det tautrekk for slalom/skileik, lysløype og opparbeidd skiskytterarena.
Turistinformasjon
Grodås sentrum (Raftevolds Hotel) - sommarope 17. juni - 10. august kl. 09:00 - 22:00. Tlf. 57 87 96 05. Fax 57 87 96 06.
Booking overnatting: 57 87 40 53 eller mail@nordfjord.no
Nyttige linkar:
Hornindal kommune
Honndalsportalen
Fylkesleksikon - Om Hornindal
Aktivitetskalendar
Her kan du laste ned ei eiga brosjyre for Hornindal
|
|
|
 |
|
 |
|
Din offisielle reiseguide i Nordfjord
|