Annonser

Bestill her





 
 
Brosjyrer
Nordfjord Reiseguide 2014 (NO)

Nordfjord Reiseguide 2014 (NO)

The official travel guide for Nordfjord, in Norwegian language.

Les mer om Nordfjord Reiseguide 2014 (NO)
Bla i brosjyre
Nordfjord Travelguide 2014 (GB)

Nordfjord Travelguide 2014 (GB)

The official travel guide for Nordfjord, in English language.

Les mer om Nordfjord Travelguide 2014 (GB)
Bla i brosjyre
Nordfjord Reiseguide 2014 (DE)

Nordfjord Reiseguide 2014 (DE)

The official travel guide for Nordfjord, in German language.

Les mer om Nordfjord Reiseguide 2014 (DE)
Bla i brosjyre
Nordfjord Winter Guide

Nordfjord Winter Guide

A guide for winter adventures in Nordfjord, with or without skis.

Les mer om Nordfjord Winter Guide
Last ned (1.38 MB)
Port of Olden - Nordfjord, Cruise Manual 2014

Port of Olden - Nordfjord, Cruise Manual 2014

The Cruise Manual contains port information and all the excursions that are offered in Nordfjord.

Les mer om Port of Olden - Nordfjord, Cruise Manual 2014
Bla i brosjyre

Produkt- og marknadstiltak

Reisemål Stryn & Nordfjord utfører ei rekkje tiltak innan produktutvikling og marknadsføring for Nordfjord som reisemål. Publikasjonar, annonsering, kampanjar, turkart og prosjektleiing er nokre av oppgåvene våre.

Reisemål Stryn & Nordfjord AS er eit fellesorgan for marknadsføring av Nordfjord som reisemål, nasjonalt og internasjonalt. Reisemål Stryn & Nordfjord sitt geografiske område består av kommunane Stryn, Hornindal, Gloppen, Eid, Vågsøy og Selje.

Vår hovudoppgåve er informasjon, marknadsføring og produktutvikling av Nordfjord som reisemål. Vi driv også turistinformasjonane i regionen. I tillegg har vi eit eige bookingkontor der vi formidlar enkle campinghytter, feriehus, rorbuer, pensjonat og hotell i heile Nordfjord. Vi kan tilby nærare 5.000 gjestesenger. 11. september 2006 kunne vi i tillegg tilby online booking på www.nordfjord.no

Kontorstad er Stryn Næringshage ved Gamlebrua i Stryn sentrum. Vi held til i lyse og trivelege lokale i 1. etasje. Her finn ein også Stryn turistinformasjon, som er heilårsopen.

Reisemål Stryn & Nordfjord kan tilby mange flotte attraksjonar og aktivitetar. Dei seks kommunane våre ligg langs den 106 km lange Nordfjorden. Her finn du mangfaldig natur, med hav, fjord, bre og fjell. I Nordfjord er kontrastane slåande og avstandane korte. Du kan du gå i taulag på den største isbreen i Europa og windsurfe på opne havet same dagen. Eller stå på ski på sommersnø dagen og drive havfiske same ettermiddagen. Reisemål Stryn & Nordfjord AS har pr. 31/12-2008 262 aksjonærar, der kommunane utgjer 33 % og det private næringsliv 67 % av aksjekapitalen.

Forretningside

Reisemål Stryn & Nordfjord samordnar profesjonell informasjon, sal, marknadsføring og produktutvikling som skal tilføre næringa i Nordfjord meir lønsam trafikk.

 

MARKNADS- OG PRODUKTTILTAK

Vi satsar nærare 2 mill. kroner på å marknadsføre Nordfjord nasjonalt og internasjonalt. Som alltid kanaliserer vi ein god del gjennom marknadsføringsselskapet Fjord Norge, og vi ser gode resultat av samarbeidet med landsdelsselskapet vårt. Men vi samarbeider også med andre og vi har mange eigne tiltak.

 

Primærmarknad Sekundærmarknad
  • Norge
  • Tyskland
  • Nederland
  • Storbritannia
  • Spania
  • USA
  • Sverige
  • Danmark
  • Frankrike og Italia
  • Russland
  • Asia (Japan, Sør-Korea og Kina)

 Målgruppekategoriar:

  • Forbrukarmarknaden / Ferie & Fritid
  • Turoperatørar og presse
  • Cruise
  • Kurs & Konferanse (internett/incentives)

 

TILTAK - FORBRUKARMARKNADEN

 

Nordfjord Reiseguide

Nordfjord Reiseguide er ein årleg faktaguide for heile Nordfjord der ein presenterer kva Nordfjord kan tilby av attraksjonar, aktivitetar, arrangement og overnatting. Brei distribusjon. Opplag: 100.000. Språk: norsk, engelsk og tysk.  

Nordfjord Vinterguide

Nordfjord har dei siste åra hatt ei svært positiv utvikling når det gjeld vinterbaserte aktivitetstilbod. Skisentra satsar og byggjer ut, og aktivitetstilbydarar utvidar aktiviteten frå kun sommar til også å gjelde vinter. Vi har skianlegg med gode snøforhold og vi har ein gryande flora av selskap som tilbyr opplevingar vinterstid både med og utan ski. Som eit ledd arbeidet har vi samla vinteraktivitetane i ei heilt ny brosjyre. Brosjyra er i A5 format, og har norsk og engelsk tekst. Opplag: 15.000 eksemplar.

Booking

Reisemål Stryn & Nordfjord har drive formidling av overnatting på vegne av medlemane sidan oppstarten. Vi lanserte online booking 11. september 2006 gjennom den felles løysinga for heile Fjord Norge, GuestMaker. Vi kan tilby både overnattings- og aktivitetsbedrifter i systemet.

Internett

Internett er den viktigaste marknadskanalen for reiselivet. For destinasjonar er gode websider ein vesentleg føresetnad for at reiselivsnæringa skal kunne framstå som velorganisert og truverdig. Besøkstala på nordfjord.no aukar år for år, og med lanseringa av online booking hausten 2006, opna det seg nye moglegheiter for å få dei som søkjer informasjon på våre nettsider til lett å kunne bestille overnatting og aktivitetar. Her kan også bedriftene tilby pakkar som inneheld element som overnatting, aktivitetar og transport. I 2010 lanserte vi nye nettsider, gjennom den felles platforma for heile Fjord Norge. Samarbeidet gjer at vi sparar utviklingskostnadar og sidene vert meir brukarvenlege og meir søkemotoroptimalisert.

Reisemål Stryn & Nordfjord har partneravtale med Visitnorway.com og fjordnorway.com og sikrar såleis distribusjon av informasjon om reiselivsaktørar i regionen.

Turistinformasjonar i Nordfjord

Informasjonstenesta er ein slags basis i det arbeidet som vi utfører for kommune og næring. Under dette kjem autorisasjon av turistkontora, rekruttering og opplæring av turistinfopersonale og dagleg drift av turistkontora. Vi er totalt ansvarlege for i alt 8 turistkontor i Nordfjord. Det finst eitt i kvar kommune, medan det i Gloppen og Stryn finst to.

Informasjonsstand Svinesund, Oslo og Bergen

Vi distribuerer brosjyremateriellet vårt på alle store turistkontor kring i sør Norge, og i tillegg til det har vi gode erfaringar med å ha ein eigen informasjonsstand både på grenseovergongen mellom Norge og Sverige, samt i hovudstaden og i vestlandet sin hovudstad. I Bergen har vi i tillegg tilsett ein turistvert i 10 veker frå juni til august, i samarbeid med dei andre destinasjonane i Sogn og Fjordane. 

Norgeskampanjen (Innovasjon Norge)

7 av 10 kommersielle overnattingar i Norge er gjort av nordmenn. Denne marknaden er difor den norske reiselivsnæringa sitt viktigaste og står for over 60% av omsetnaden i dei fleste verksemder. Norge er også eit av Nordfjord sine viktigaste marknad og står for 52 % av alle våre overnattingar i 2006 frå mai til september. Dei siste fem åra har vi delteke i Norgeskampanjen til Innovasjon Norge i samarbeid med 10-14 bedrifter. Kampanjen inneheld annonsering i dagspresse, eigen DM, pressearbeid og presentasjon på nett.

Mindre marknadstiltak

Gjennom året deltek vi på mindre marknadstiltak som annonsering, messer, workshopar, annonsering eller tiltak på nye marknader som er interessante for oss og som våre samarbeidspartnarane Fjord Norge og Innovasjon Norge vurderer som viktige å satse på.

Kurs og Konferanse

Sjølv om vi hovudsakleg satsar på ferie og fritidsmarknaden, kan vi ikkje gløyme at nokre av våre største hotell satsar på denne målgruppa. Vi har difor valt å ha eigne sider for dette segmentet på nordfjord.no, slik at det er mogleg å orientere seg litt om kva Nordfjord kan tilby til denne målgruppa. Her skal ein finne overnatting, kurslokale, servering og aktivitetar som passar til kurs, konferansar og incentivgrupper.

Marknadsføring gjennom Fjord Norge

Reisemål Stryn & Nordfjord er med i brosjyremateriell og forbrukarkampanjar på utvalde marknader gjennom Fjord Norge. Ved å samordne oss vil inngongsbilletten til å nå forbrukarmarknadane i dei utvalde markeda vere lave.

TILTAK TUROPERATØRAR OG PRESSE

Internettbasert fotoservice – ”Imageshop”

I 2004 etablerte vi ein eigen internettbasert fotoservice. Ved å lette tilgongen til gode bilete, sikrar ein ei betre profilering av Nordfjord. Basen har ein kapasitet på 700 bilete og er tilgjengeleg for turoperatørar, presse og andre. Her kan våre lokale-, regionale-, nasjonale- og internasjonale samarbeidspartnarar hente ut kvalitetsbilete frå Nordfjord gratis. Dette medfører ei kostnadsinnsparing for oss og sikrar god kvalitet på bileta og gjev ein raskare og betre service. www.imageshop.no/nordfjord

Nordfjord Product Manual

Produktmanualen er mynta på turoperatørar, og skal gje dei kunnskap om kva vi kan tilby i Nordfjord, samt vere eit viktig verkty for å kunne planlegge nye turprogram i regionen. Denne inneheld basisinformasjon om attraksjonar og aktivitetar i Nordfjord, turforslag, samt anna praktisk informasjon. Produktmanualen vert sendt ut på førespurnad, distribuert på workshops, via nordfjord.no og per e-post. Manualen er på engelsk.

Fjord Norge Product Manual

Dette er ein produktmanual som Fjord Norge gir ut kvart anna år. Her koordinerer vi presentasjon av hotell og aktivitetar. Denne finst i 12.000 eksemplar på engelsk, og vert distribuert hovudsakleg til turoperatørar. Årleg blir Facts & Prices trykt i tillegg til produktmanualen for å kunne kome med ny og fersk informasjon. 

Pressebesøk og visningsturar

Bearbeiding av nasjonal og internasjonal presse er eit svært viktig arbeid som RS&N prioriterer høgt. I løpet av sommarhalvåret får Nordfjord besøk frå mykje presse, TV-team og journalistar frå alle kantar av verda. Pressa må så møtast av eit profesjonelt vertskap som kan ta godt vare på dei medan dei er i området. Reportasje er meir truverdig enn eigneproduserte annonser, og vi føler vi får mykje att i form av god omtale kring i verda i forhold til ressursane vi set inn. Visningsturar for turoperatørar o.l. er også ei viktig arbeidsområde for oss. Gjennom året får vi besøk av fleire grupper med turoperatørar frå Innovasjon Norge sine utenlandskontor, og i forbindelse med NTW har vi gjerne fleire pre- og postturar. Turoperatørar besøkjer oss også på eiga hand.

Fagmesser/Workshop/salsbesøk

De er viktig og nyttig å delta på ulike fagmesser og workshopar i Norge og utlandet. I tillegg har vi sett av ein del midlar til direkte salsbesøk i eigen regi til store operatørar i inn- og utland. Vi deltek på desse (aktivt eller passivt):

Norge

  • Reiseliv, Lillestrøm
  • Reiseklar, Bergen
  • Båtmessa Arenum, Bergen
  • Aktiv Fritid-messa i Ålesund
  • Norwegian Travel Workshop

Utlandet

  • ITB (Internationale Tourismus-Börse) Berlin
  • Grüne Woche, Berlin
  • Vakantiebeurs i Utrecht
  • Workshop i London
  • Workshop i Madrid
  • Workshop i St. Petersburg og Moskva
  • Workshop Tokyo og Osaka (samarbeid med ulike bedrifter)

DVD – Explore Nordfjord

I 2008 produserte vi ein ny DVD med bilete frå Nordfjord. DVD-en er ein appetittvekkjar for turoperatørar og andre aktuelle målgrupper som ser etter kombinasjonen natur-, kultur- og aktivitetsbaserte opplevingar. Målet er å skape ei så stor reiselyst og interesse at kontakt blir etablert. På slutten av DVD-en er vi stolte av å vise fram eit utval produkt som utvidar forståelsen av Nordfjord som eit moderne og allsidig reisemål. Denne vert brukt på messer og workshopar, i tillegg til at den vert delat ut til utvalde turoperatørar og andre som vil profilere Nordfjord.

TEMASATSING VANDRING

Temasatsing vandring har i fleire år vore sentralt i RS&N sitt arbeid.

Nordfjord Vandrefestival

Vandrefestivalen er 100% vår eigen ide og eigedom, og vi har gjennom dette arrangementet marknadsført regionen og gjort diverse produkttiltak. Turoperatørar, vandreorganisasjonar, individuelt reisande, barnefamiliar, idrettslag, bedrifter, rørslehemma er alle døme på ulike marknadssegment med ulike behov og krav for tilrettelegging. Samarbeid med vandreorganisasjonar som DNT, INT (Indre Nordfjord Turlag) og YNT (Ytre Nordfjord Turlag) er viktig i vandrefestivalen.

Sidan starten i 2005 har vi brukt NV for å invitere pressa til Nordfjord. Vi har enkeltreisande journalistar samt gruppepresseturar. Effekten av dette arbeidet er stor. Vi produserer ei brosjyre med informasjon og program for festivalen på norsk,tysk og engelsk. Opplaget er på 10 000. På nordfjord.no ligg alle turane med beskrivelsar. Det er via desse sidene mogleg til å melde seg på dei ulike turane. Olden Brevatn, Skogstad Sport og Sparebanken Sogn og Fjordane er hovudsponsorar av festivalen. 

Produktutvikling - vandring

  • Utvikle tilrettelagde vandretilbod
  • Utdanning av vandreguidar
  • Merking av stiar og løyper
  • Kartserie for Nordfjord

Vandreprosjekt Innovasjon Norge

Vi har i mange år delteke i vandreprosjektet til Innovasjo Norge. Vandresegmentet vert her bearbeida gjennom målretta nisjekanalar, som vandre- og friluftsmagasin, web-portalar og spesialmesser. Satsingsmarkeda er Tyskland, Nederland, Sverige, Danmark, Frankrike og Storbritannia. Målgruppene er delt inn i forbrukar, bransje (turoperatør/reisebyrå) og presse/media. Forbukarfokuset ligg på vandreinteresserte i satsingsmarknadane.  Er ofte 35+, med høgare enn gjennomsnittlig utdanning. Reiser som par, vennegrupper eller familier.
 
Type av aktivitet:
  • PR
  • Workshop/messe
  • Katalog/innstikk
  • Bransjebearbeiding
  • Kampanje/annonsering
  • Visitnorway.com

Dette er inkludert i vår pakke:

  • Visningstur for operatører. Innovasjon Norge dekker flybillett og transport. Partnere dekker opphold, mat og aktiviteter.
  • Roadshow - Bearbeidelse av operatører. Innovasjon Norge vil aktivt henvende seg til turoperatører i satsingsmarkedene og presentere Norge som vandredestinasjon og produktene i nivå 2.
  • Nettverkssamling. Partner betaler reise og opphold, Innovasjon Norge betaler for møtefasiliteter og foredragsholdere.
  • Studietur. Partner betaler reise og opphold, Innovasjon Norge organiserer og betaler for programmet.
  • Helside i E-brosjyre som legges inn på visitnorway i satsingsmarkedene.
  • Opp til 500.000 brosjyrer distribueres i våre satsingsmarkeder
  • Synlighet på visitnorway.
  • Annonsering for å drive forbrukeren inn på visitnorway.
  • Nyhetsbrev. En artikkel i satsingsmarkedenes nyhetsbrev.
  • Pressemelding
  • Oppføring i produktmanualen som sendes til turoperatører.
  • Pressebesøk. Innovasjon Norge betaler flyreiser, partner betaler kostnader for opphold.
  • Innovasjon Norge vil jobbe aktivt med å etablere tett samarbeid med vandreorganisasjoner i satsingsmarkedene

CRUISEDESTINASJON OLDEN - NORDFJORD

Cruisesegmentet er eit av dei som aukar mest. Også Nordfjord har teke sin del av denne veksten, med ny rekord i antal passasjerar i vårt område. Vi har jobba langsiktig med marknadsføring over tid, og dette gjev no resultat. I 2009 hadde vi 74 anløp, noko som er ny rekord, og større båtar enn nokonsinne. Vi har etablert eit nettverkssamarbeid mellom Nordfjord Havnevesen, Fjord 1 Nordfjord – Ottadalen, Geiranger Cruise Handling, Briksdalen og RS&N. Vi har også starta eit marknadsstrategisk samarbeid med Ålesund, Geiranger og Bergen. Vi deltek på messer i lag, har konkrete turforslag til dei 4 havnene, vi inviterer til visningsturar (fam-trips) saman og vi legg opp til fleksibilitet mellom havnene når det gjeld anløp.

Tiltak:

  • Medlemskap i Cruise Norway og Cruise Europe
  • Synlegheit på nettet
  • Visningsturar – i eit utvida samarbeid med Bergen, Ålesund og Geiranger
  • Messedeltaking
  • Salsreiser
  • Diverse produktutviklingstiltak

 

TILTAK PÅ UTVALDE MARKNADER

 

Samarbeidsprosjekt med satsing på Asia – Japan

Nokre få store bedrifter i Nordfjord har gått saman om å satse i Asia og i første omgong på Japan. Dette inkluderer deltaking i produktmanual, websider, nyhetsbrev, marknadsføring direkte mot sentrale aktørar innan japansk reiseliv, annonser i ulike publikasjonar og workshopar i Tokyo og Osaka. 

ANDRE TILTAK/PROSJEKT DER RS&N ER INVOLVERTE

  • Fellestiltak gjennom Sogn og Fjordane Reiselivsråd
  • Prosjekt Eid – Vågsøy – Selje
  • Skålastiprosjektet
  • Turkart
  • Vegkyrkje i Ervik
  • Produktutvikling i Loen 
Sist oppdatert   4/16/2010  

Contact details

Destination Stryn & Nordfjord
Perhusvegen 24, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

Logo DSN

Our partners