norsk   english   deutsch
Søk
Få stadar er landskapet meir variert og opplevingane så mangfaldige som i Nordfjord. På ei reise langs Nordfjorden vil du oppleve kontrastrik natur, frå mektige fjell, djupe vatn, fossar, isbrear og fjord til Stadhavet som slår inn mot kysten vår. Opplev brevandring, turar på fjorden eller rusle i sola på kvite sandstrender. Attraksjonane ligg som perler på ei snor. Kom til Nordfjord, og la naturen og menneska inspirere deg. Den som reiser får sjå.



Kart Nordfjord - Norge




Nordfjord Vandrefestival 7. - 15. august 2010


Følg oss på Facebook

Eid


Trollenykjen © Josten Rindal

Gamlebanken på Nordfjordeid: Turistinformasjon og galleriEid ligg midt i Nordfjord, og er kjend for mellom anna opera, fjordhest, shopping og flotte vandreturar.

Som i resten av regionen står landbruket sterkt, men handel og industri spelar ei viktig rolle med mellom anna Frislid Konfeksjon og skipsverftet Hellesøy Nordfjord. Eid satsar på miljø og brukar fjordvarme.

Nordfjordeid har eit rikt skuletilbod, med mellom anna folkehøgskulen som tilbyr utdanning rundt fjordhesten og den einaste sirkusutdanninga i Norge. Den sentrale plasseringa set Eid i ei særstilling når det gjeld handel i regionen, der Eidsgata i sentrum har eit rikt vareutvalg å tilby.

Eid er vertskapskommune for Opera Nordfjord - distriktsoperaen med profesjonelle oppsetjingar kvart år i oktober.

Fjordhesten har eit eige nasjonalt senter i kommunen, som har til oppgåve å styrke hesterasen si stilling. Som i Gloppen er hesten med i kommunevåpenet.

Folketalet i kommunen er 5.779 (01.01.2004), og området dekkjer eit areal på 468 km2.

Sommershopping_logoOpningstider på butikkane på Nordfjordeid:
Måndag - onsdag: 09:00-16:30
Torsdag: 09:00-19:00
Fredag: 09:00-16:30
Laurdag: 10:00-14:00
Søndag: stengt


Sommarshopping med laurdagsmarknad © Kathrine Bergh
Sommarshopping
Kvar helg heile sommaren inviterer Eidsgata og sentrum til laurdagsmarknad med gågate og yrande folkeliv. Levande musikk og anna underhaldning gjer handleturen også til ei kulturoppleving. Fleire av dei frivillige organisasjonane er på plass med kaffi, vafler og anna matservering. Siste helga for sommarhandel på Nordfjordeid fell saman med Malakoff rockefestival - ein festival heile bygda sluttar opp om. Nordfjordeid er eit velfungerande sentrum der dei fleste bransjar er representerte. 1200 gratis parkeringsplassar og store grøntareal står klare til å ta i mot deg!

Ein av butikkane du bør få med deg er BergArt Gullsmedverkstad, midt i Eidsgata. Denne vert driven av Kathrine Berg. Her designar og produserar ho eigne sølv og gullsmykke med særpreg. Du kan få noko som ingen andre har!

Turistinformasjon:
Sommaropen turistinformasjon i sentrum av Nordfjordeid, i kulturhuset "Gamlebanken". Klikk her for opningstider

Booking av overnatting: 57 87 40 53, mail@nordfjord.no eller book online her!

Veret i Eid no

Nyttige internettsider:
Fylkesleksikon - Om Eid
Eidaportalen
Eid kommune
Opera Nordfjord
Gamlebanken
Eid kino

Bygdesider i Eid kommune
Stårheimsbygda
Kjølsdalen
Haugen
Bryggja
Hjelle




Reisemål Stryn & Nordfjord

Din offisielle reiseguide i Nordfjord

Explore Fjord Norway



Olden © Hansa Briksdal Sparebanken Sogn og Fjordane
Kontakt ossOm RSNPresse/mediaImageshopBransjenettCruiseAnnonsering