norsk   english   deutsch
Søk
Få stadar er landskapet meir variert og opplevingane så mangfaldige som i Nordfjord. På ei reise langs Nordfjorden vil du oppleve kontrastrik natur, frå mektige fjell, djupe vatn, fossar, isbrear og fjord til Stadhavet som slår inn mot kysten vår. Opplev brevandring, turar på fjorden eller rusle i sola på kvite sandstrender. Attraksjonane ligg som perler på ei snor. Kom til Nordfjord, og la naturen og menneska inspirere deg. Den som reiser får sjå.



Kart Nordfjord - Norge




Nordfjord Vandrefestival 7. - 15. august 2010


Følg oss på Facebook

Det Gode Liv i Nordfjord


Lodalen © Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norge


Ostefat © Gaby Bohle/NTRReis utanfor allfarveg på ferien i Nordfjord, og oppdag dei små skattane våre. I Nordfjord er det enkelt å gøyme seg vekk og vere aleine, eller oppleve den ekte kulturen. Her kan du ta i bruk alle sansane dine på ein gong, og berre nyte naturen, menneska og stemninga rundt deg.

Lunsj i skuggen på ein varm sommardag, kvelds på tunet, eller rundt eit knitrande bål i fjæra. Solnedgong i havet, eller over blå fjell. Vandre på den kvite sandstranda hand i hand med personen du er ekstra glad i. Føl dei små bølgene som kjærteiknar føtene dine, og høyr suset frå havet.

Vestkapp © Terje Rakke/Nordic Life/Fjord NorgeKjenn stress og mas sleppe taket når du tek på deg fjellskoa. Føl vinden i ansiktet, og kjenn frisk fjelluft fylle lungene dine. Bad i eit glitrande fjellvatn, og spring om kapp tilbake til sætra.

Gode tips til deg som søker sakte tid, fred og ro:

Gamlebutikken på Hjelle - kafé, lokal kunst og brukskunst
Kråkenes Fyr – stormfyret med havet som nærmaste nabo
Nedrebergtunet – ferie i eit ekte tun
Sandal Gard – ein eigen oase i den nydelege Myklebustdalen
Lovatnet © Terje Rakke/Nordic Life/Fjord NorgeRobjørgane Gardshus - panoramaferie
Silda, Selja og Barmen – idylliske øyer med sine eigne historier
Trollbu - bu på ein gard i Oldedalen
Ulvesund Fyr – kulturfyret med musikk til frukost
Visnes Hotel, Hjelle Hotel og Gloppen Hotell – særpreg, historie og ekte vertskap
Vågsberget Handelsstad – ekte kystkultur med sjarm og varme
Seterbesøk
Reisemål Stryn & Nordfjord

Din offisielle reiseguide i Nordfjord

Explore Fjord Norway



Olden © Hansa Briksdal Sparebanken Sogn og Fjordane
Kontakt ossOm RSNPresse/mediaImageshopBransjenettCruiseAnnonsering