Fjordameny tilbyr lokalmat frå Gloppen. Her mottek dei råvarene frå leverandørar i distriktet, og bearbeidar dei etter tradisjonsrike oppskrifter. Råvarene har ei lokal adresse. Dei er fiska i fjorden, jakta i fjellet eller produsert av våre lokale entusiastar - lokale bønder og produsentar med sans for kvalitet i alle ledd. Fjordameny produserer og leverer ei rekkje produkt. I tillegg til pålegg, pølser/farser og fisk kan dei også levere alt av strykningsdelar på bestilling. Les meir om Fjordameny her...
Signe Aabrekk legg sjela si i å vidareføre tradisjonar overlevert frå generasjon til generasjon. Mathistorie, råvarer, kvalitet og kortreist er begrep som Signe formidlar gjennom ekte gardsmat. I Oldedalen lever geitene fritt og godt, leikande i vill, rein natur. I fjellsidene bak garden veks lyng og urteplantar, dynka i brevatn og bada i sommarsol. Du kjenner det på geitosten frå Aabrekk; den gode smaken av tradisjonsmat frå liene under breen. Lykle er namnet på produkta som vert leverte frå Aabrekk Gard. Lykle finn du i eit utval av butikkar og hotell i Sogn og Fjordane. Du kan også bestille varer direkte frå Aabrekk Gard: lefser, fiskelefser, flatbrød, havrekjeks, julekaker, geitost, honning, sylte, saft og brød. Alt av finaste kvalitet. Les meir om Lykle her