Nordfjorden endar i tre greiner, og Olden ligg lengst sør. Den vakre Oldedalen strekk seg omlag 20 km mellom 1.700 meter høge fjell med Jostedalsbreen på toppane.

Foto: Normanns Kunstforlag
Brearmane heng nedover fjellsidene innerst i dalen, og fossar og elvar fyller Oldevatnet og Floen. Omlag 2 km frå Olden skapar elva ein fantastisk foss. Den rike morenejorda skapar fruktbare tilhøve for jordbruk, som er den viktigaste næringa i dalen. Anna næring er handel, produksjon og turisme. Olden har ca 1500 innbyggarar, og er ein del av Stryn kommune i Sogn & Fjordane fylke. 10 minutts gange frå kaia ligg Olden sentrum, der du finn butikkar, kafear, bank, post og turistinformasjon.
Kart over Olden
Nytt kart over Olden vart produsert i 2009. Dette får du utdelt på kaia og på Olden Turistkontor.