Nordfjord satsar stort på vandring, og har som mål å bli ein av dei leiande vandredestinasjonane i Norge.

Foto: Thomas Bickhardt/BickFoto
Alt i alt har Nordfjord eit svært godt vandretilbod. Over 230 vandreruter er skilta, og dette kan vi verkeleg vere stolte av. Det har vore gjort ein formidabel jobb av frivillige organisasjonar, turlaga og andre. Men ser ein større på dette, og etter tilbakemeldingar frå t.d. reiselivsbedrifter, manglar det ofte ein heil del på skiltinga. Noko er gamalt, øydelagt eller slitt, det er ofte vanskeleg å finne startpunkt, kryss er ikkje skilta, det er langt mellom merka etc. Og ikkje minst: dei er ikkje graderte etter vanskelegheitsgrad.
Reisemål Stryn & Nordfjord har i samarbeid med kommunane og lag og organisasjonar prioritert turstiar, og nokre skiløyper og sykkelruter som skal merkast og graderast etter den nye nasjonale standarden. RS&N koordinerer satsinga, og samordnar bestilling av skilt etc. Les meir om merke- og graderingsprosjektet her.
Ny utgåve av "Håndbok for skilting og gradering"
Innovativ Fjellturisme AS har leia eit 2-årig prosjekt for “Skilting og gradering av
turløyper og andre aktivitetstilbud”. Prosjektet er gjennomført med økonomisk bistand frå Innovasjon Norge og i tett samarbeid med Den Norske Turistforening, NCE Tourism Fjord Norway, markedsorganisasjonen Fjell-Norge og Nordnorsk Reiseliv AS. Målet er å skape ei felles forståing i landets fylker og kommunar/destinasjoner om behovet for ein felles standard for merking og gradering, og å bidra til at malen blir synliggjort overfor sluttbrukerne, både på de store reiselivsdestinasjonene og i andre turområde. Prosjektet skal i tillegg etablere et system for vedlikehold og videreutvikling av standarden. Den nye og reviderte håndboka blir eit viktig hjelpemiddel for alle som skal gjøre den praktiske jobben med skilting og gradering. Her får ein vite korleis dei ulike skilta skal sjå ut, kva som ligg til grunn for dei ulike graderingane (blå, grønn, rød og svart) og kva slags type informasjon som bør gis til brukarne. I tillegg er det utvikla 15 symboler for ulike aktivitetar, med hovudvekt på vandring, langrenn og sykling. Last ned handboka her (pdf).
Nordfjord Topp 20 - prosjekt
Målet er å utvikle ei merkevare for Nordfjord som er berekraftig, langsiktig, og som kan vidareutviklast og utvidast til å omfatte nær sagt alle typar tema og produkt som fins i regionen vår. I løpet av 2011 vil vi utvikle det første temakonseptet under merkeordninga Nordfjord Topp 20. Det første temakonseptet er vandring.
Ta kontakt!
Om du har spørsmål om merking og gradering av turløyper i ditt område, ta kontakt med Eli Folven i Reisemål Stryn & Nordfjord, tel. +47 57 87 40 53 eller eli@nordfjord.no