Reisemål Stryn & Nordfjord har i samarbeid med kommunane og lag og organisasjonar fått midlar til merking og gradering av over 30 turstiar, skiløyper og sykkelruter som skal merkast og graderast etter ny nasjonale standard i løpet av 2012. RS&N koordinerer satsinga, og samordnar bestilling av skilt etc.

Skiltpunkt i løypenettet ved Harpefossen Skisenter
Foto: Dimitri Koutsomytis/Gjensidigestiftelsen

Harpefossen
Foto: Dimitri Koutsomytis/Gjensidigestiftelsen
Status januar 2012
Prosjekta har jobba litt ulikt og hatt forskjellege utfordringar, men mange er godt i gong og vil forhåpentlegvis vere skilta til sommarsesongen i år.
Løypenett på Harpefossen
Det prosjektet som er komt lengst og er det første som er skilta i Nordfjord. Det er også eit av dei største prosjekta med eit stort løypenett i tilknytning til Harpefossen Skisenter. Der er nermare 200 retningsskilt produserte og mange av dei er ferdig monterte. Skilt på dei høgaste fjelltoppane vil bli montert våren/sommaren 2012. Her er det merka både vandreturar, sykkelturar og langrennsløyper med forskjellege vanskegrader.
Turløyper Stryn
Det er utarbeida skiltplan for løypenettet mellom Ullsheim og Stryn Vinterski, eit stort område for vandring, sykling, langrenn og topptur. Dette er det andre av dei store løypenetta vi skal merke i Nordfjod. Skilta til dette prosjektet er endå ikkje klare til produksjon, men vi satsar på at dei er komt ut i løypene før påske.
Andre prosjekt
I tillegg til dei to løypenetta på Harpefossen og i Stryn vert det jobba med over 30 andre turløyper som etter planen skal skiltast innan utgongen av oktober 2012. Sjå liste over turar som var med i søknaden i 2011. Vi fekk ikkje midlar til alle turane, men vil søke på nytt i februar 2012.
Fotografering til gjensidigestiftelsen sin årstapport
22. desember var ein fotograf frå Gjensidigestiftelsen på Harpefossen for å ta bilder til årsrapporten dei skal lage i forbindelse med midlane dei har løyvt til merking og gradering av turstiar på Vestlandet. Rapporten skal vere klar i slutten av januar og då vil der forhåpentlegvis vere fine bilder også frå Harpefossen og Nordfjord.
Presentasjon av turane på web
Ein del av målet med prosjektet er at alle dei merka turane skal ligge ute med god informasjon på nordfjord.no og andre aktuelle nettsider. Hittil har vi lagt ut to av turane på Harpefossen: Rundtur Liavarden - Blåsvednyken og Trondhjemske Postveg - Tippaskogen.
Lokal skiltleverandør
Skilta til prosjektet blir produserte av FluorLux i Stryn. Dei lagar gode skilt med lang haldbarheit, noko som er eit viktig kriterie i merkeprosjektet. Skilta er utarbeida etter nasjonal standard med tekststørelse, farge og pictogram i den graderingsfargen som kvar enkelt tur har.
Søknad om nye midlar til merking og gradering
Gjensidigestiftelsen har lyst ut resten av midlane som vart tildelt merking og gradering i slutten av 2012. Søknadsfrist 15. februar 2012. Les meir om søknad til merking og gradering.