Torsdag 17. juni legg Queen Mary 2 til kai i Olden. Det flotte cruiseskipet vart kjent lenge før sin første tur. Det blir eit flott syn når ho seglar inn Nordfjorden for fyrste gong.

Foto: Normanns Kunstforlag

Foto: Queen Mary 2
Queen Mary 2 er eit av dei mest storslagne cruiseskip som nokonsinne er blitt bygd. Detaljane på skipet har preg av farne tider, samtidig som skipet er eit av dei mest moderne på jorda. Fra baug til akter finn du 14 romslige dekk. Overdådige offentlege område, ekstravagante spisesalar, ballsalar, teater, salongar... til og med det einaste Planetarium på havet! Skipet er 343 meter langt.
Nordfjord Hamn og Olden Cruisehamn er svært stolte av at Queen Mary 2 besøkjer Olden og Nordfjord.
Queen Mary 2 legg til kai i Olden torsdag 17.juni kl. 08:00, og forlet hamna kl 18:00.
Last ned cruiseliste for Olden og Nordfjord her (pdf)